Lokal | 15. apr. 2014

Bålforbod frå i dag

Vil du brenna bål i påsken? I så fall må du søkja til brannvesenet – og det er ikkje sikkert at du får positivt svar.

Bålforbod frå i dag
(Ill. bilde frå St Hans i Mobergsvikjo 2012. Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. apr. 2014 08:02

I dag er det 15. april og det generelle forbodet mot å brenna bål i skog og mark slår inn.

Forbodet gjeld til 15. september.

– Eg har allereie fått inn to søknadar på å brenna bål i påsken, seier brannsjef Stein Gjøsund.

– Ligg søknadane an til å bli innvilga?

– Nei, ikkje sånn det er no, med tørr vegetasjon og mykje årsgamalt gras som ligg igjen etter vinteren. Dette tørkar raskt opp i periodar med opphaldsvêr og gjev stor fare for brann og spreiing av brann.

– Hadde det vore grønt ute ville det vore enklare å innvilga søknadane.

Kanskje langfredag

Det er meldt mykje opphaldsvêr og sol i påsken, men torsdag skal det regna kraftig i Os.

– Om det er vått i bakken på fredag er det mogleg at vi vil innvilga løyve til å brenna bål.

– Men folk må søkja og få løyve før dei kan fyra i.

Kva med grilling i fjøra?

Sjølv om det er bålforbod er det ikkje forbod mot små hagebål eller open eld i fjøresteinane.

– Så du kan fyra i ein grill i fjøra i Ervikane utan å gjera noko ulovleg?

– Ja, forbodet gjeld i skog og mark. Men du pliktar uansett å vera aktsam, ha ei bøtte med vatn klar til sløkking og pass på at ungane ikkje rotar i grillen eller bålet med pinnar. Då kan det fort hamna glør oppover i terrenget.

– Hugs også å sløkka skikkeleg og å rydda etter deg, oppmodar brannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.