Laila Marie Reiertsen (Frp) presenterte budsjettframlegget frå Frp/H/V i formannskapet tysdag (arkivfoto: Andris Hamre)

Budsjettframlegg: Barn og unge i fokus

Frp/Høgre/Venstre: Gratis leige av hall og lokale, støtte til klasseturar, meistringsteam og kreativ læring i ungdomstrinnet.

Av: Andris Hamre

I formannskapet tysdag presenterte varaordførar Laila Marie Reiertsen (Frp) budsjettframlegget frå fleirtalskoallisjonen Frp/H/V.

Budsjettframlegget har ei auke på 3,99 millionar samanlikna med rådmannen sitt framlegg.

– FrP/H/V finn det forsvarleg å auka dei frie inntektene for 2018 med kr 3 990 000. Fylkesmannen rår kommunane kvart år til å vurdera rammetilskot og skatteanslaget i Statsbudsjettet opp mot lokale tilhøve knytt til folketalsutvikling og skatteinngang, argumenterte Reiertsen i formannskapet.

Meir til barn og unge

Av dei konkrete endringa har treparti-samarbeidet eit spesielt fokus på barn og unge ved å:

• Styrka meistringsteam barneskule med 700.000 kr
• Kreativ læring i ungdomstrinnet med 100.000 kr
• Støtte til klasseturar 10. klasse med 600.000 kr
• Gratis leige av hall og lokaler for born og unge med 400.000 kr
• Lærlingtilskot Oselvarverkstaden med 40.000 kr

– Det har gjennom prosjekt BLR vore gode resultat med meistringsteam for ungdomstrinnet, og vil no utvida meistringsteam-funkjonen også for barnetrinnet, som skal ha hovudfokus på psykososialt læringsmiljø, argumenterast det med i framlegget.

Vidare ønskjer dei tre partia å styrke undervisninga i ungdomstrinnet og støtte 10. klassane med klasseturar.

– FrP/H/V ynskjer å leggja til rette for prosjektbasert undervisning ved ungdomstrinnet for å fremja kreativ læring hjå elevane. For å oppnå dette, vil det vera behov for anna utstyr enn det ungdomsskulane innehar i dag, som t.d. droner, 3D-printer eller anna teknologiske nyvinningar.

– FrP/H/V vil imøtekoma elevråda ved Os ungdomsskule og Nore Neset ungdomsskule om å støtta klassetur i 10. trinn. Koalisjonen del elevråda sine tankar om at tilbodet om tur skal vera likt ved begge skulane, og vi ber administrasjonen om å samkøyra planlegginga. Klasseturane skal stå i samsvar med kompetansemåla i opplæringslova og ein skal vektleggja læring i både forarbeid, gjennomføring og etterarbeid.

Gratis halleige

Dei tre partia imøtekommer frivillige organisasjoner med å innføra ei ordning med søknad om refusjon av halleige og leig av lokaler for barn og unge.

– FrP/H/V vil stimulera til meir fysisk aktivitet blant born og unge, samstundes som vi ynskjer å styrka økonomien i lag og organisasjonar i kommunen. Andre lag og organisasjonar som driv anna aktivitet skal likebehandlast, og ha like vilkår som idretten. FrP/H/V vil gjera dette gjennom ei ordning der laga framleis betaler leige av hall og lokale som før, men søkjer refusjon for leiga (for born og unge oppad 18 år) frå Kultureininga i kommunen.

Vil laga Os idrettspark KF

Partia foreslår også at Osbadet KF blir Os idrettspark KF og får ansvaret for heile sentralidrettsanlegget på Kuventræ.

– Den nye doble idrettshallen er siste fase i prosjektet, og det er i den forbindelse viktig å etablera ein heilskapleg drift og vedlikehald av sentralidrettsanlegget. FrP/H/V er positive til at Osbadet KF får oppdraget med drift og vedlikehald av anlegget.

– Når det nye anlegget er ferdig, ser vi det som naturleg at Osbadet KF endrar namn til Os Idrettspark KF som presentert på budsjettsamlinga i haust. FrP/H/V er positive til at Osbadet kan ta investeringane ved innreiing av dei uinnreidde lokala i den nye hallen, og driva kommersiell utleige på deler av arealet.

– Det er samstundes viktig for oss at kommunen får disponera delar av arealet til eige behov, og at idretten kan disponera lokaler til sine aktivitetar på ideellt grunnlag. Kommunen sitt eige behov for areal, og detaljane rundt dette må avklårast gjennom ny avtale mellom Os kommune og Osbadet KF.

Midtsiden kjem med meir frå dei andre områda i budsjettframlegget frå fleirtalskoallisjonen.