Lokal | 14. jan. 2018

Barnehagen vurderer å ta frå dei plassen

Borgafjell Barnehage vil ikkje seia kor mange det gjeld eller kvifor.

Barnehagen vurderer å ta frå dei plassen
Camilla Kaland (t.v.) og Anne Kjersti Sælen er blant fleire som risikerer å mista barnehageplass etter at dei har sendt klage til barnehageleiinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. jan. 2018 20:52

Borgafjell Barnehage jobbar med å «lukka avvika» etter at førebels rapport frå tilsyn gjennomført av Os kommune avdekka fleire lovbrot i barnehagen.

Samtidig har foreldre med verv i FAU og SU trekt seg, og tilsette fortel om minst like dårlege forhold som før tilsynet starta.

No har fleire foreldre fått varsel om at barnehagen vurderer å seia opp plassen deira. Leiinga ved barnehagen vil ikkje seia kor mange dette gjeld, eller kvifor.

«Nokre få foreldre»

– Borgafjell Barnehage har vedtekter som gir heimel for oppseiing av ein tildelt barnehageplass, så sant vilkår for oppseiing er oppfylt. BB har med heimel i vedtektene valt å varsla nokre få foreldre om at ein vurderer oppseiing av deira tildelte plass, seier advokat Nina B. Sandnes, som representerer barnehagen.

– Varselet er grunna forhold BB ikkje ønskjer å dela med andre enn dei det gjeld, og vi ber om forståing og respekt for dette.

– Ei mor fortel at barnehagen vurderer å seia opp plassen til bornet hennar, og seier årsaka er at barnehagen ikkje finn seg i språkbruken ho eller andre foreldre bruker. Stemmer dette?

– Vi tilbakeviser den årsaka, og beklager at nokre foreldre dessverre stadig kjem med påstandar om angivelige forhold som ikkje er korrekte, skriv advokaten.

– Korleis opplever barnehagen denne «støyen» frå foreldra? Føler barnehagen at dei gir gode svar, utan at foreldra blir nøgde, eller bør barnehagen finna seg i litt krass ordbruk når frustrasjonen er stor?

– BB forholder seg alltid til sakleg dialog, sjølvsagt òg om grunnlaget for dialogen er kritikk til leiinga. Ein har òg forståing for frustrasjon knytt til tidvis høgt sjukefråvær med tilhøyrande behov for tilkalling av vikarar. BB står imidlertid ansvarleg for drifta av barnehagen innanfor det lov og regelverk barnehagen blir styrt etter, og verken kan eller vil overlata den til andre utanforståande.

Epost frå eigar viser at foreldra har rett

Midtsiden har fått lesa varsel om oppseiing sendt til to ulike foreldre.

Her er utdrag frå dei to:

«For det første finner vi oss ikke i det språkbruk du og andre foreldre bruker til oss i barnehagen eller i mailkorrespondens.»

«Vi finner oss heller ikke i, og dere har ikke lov å «kontrollere» våre ansatte, med å spørre å telle antall ansatte på jobb og antall barn, ha aggressiv adferd, komme med trusler, løpe rundt i aviser, bli fotograferade av journaliser på vår privata mark, baktale oss i massemedia og skape uhygge rundt dere.»

Begge epostane er sendt frå medeigar Annelie Osterdahl. Begge utdraga viser òg at foreldra ikkje kjem med påstandar som ikkje er korrekte, slik advokaten skriv i svaret sitt.

– Eg blei heilt paff

To av dei som har fått varsel om oppseiing av barnehageplassen er Camilla Kaland og Anne Kjersti Sælen.

– Eg blei heilt paff over korleis eigar skriv til oss. Dette er altså svaret når vi sender inn klage, seier Camilla.

– Eg forstår at dei blir irriterte når vi påpeikar manglar, men dei har sanneleg redd si eiga seng når det kjem til måten dei driv barnehage på, legg ho til.

Anne Kjersti Sælen og mannen Preben Lyssand reagerer også med vantru. Anne Kjersti er blant dei fleire i FAU som har trekt seg.

– Eg har vore i eitt FAU-møte. Eg sa ingenting ufint i dette møtet. All annan kommunikasjon mellom oss foreldre og barnehagen har vore skriftleg, seier Sælen, som har vist oss kopi av alle dei fem klagane ho har sendt til barnehagen, og svara ho har fått.

Klage på klage

Midtsiden har fått lesa klagane og svara Sælen og Lyssand har fått.

Klage 1, 7. november: Foreldra påpeikar hyppig bruk av vikarar, at det er nye vikarar frå dag til dag, at foreldra ikkje har fått helsa på, eller kjenner namnet til nokre av vikarane. Dei er uroa for underbemanning og det dei opplever som «ekstremt uordna forhold» over tid.

Svar: «Har du mulighet for å komme inn til samtale? Vi ønsker å høre på det du har å si så vi kan kartlegge kva som skjedde og sette i gang tiltak.»

Sælen svarer at ho allereie sit i FAU og har høyrd forklaringar før, utan at det har blitt betring. Det blir ikkje noko samtale.

Neste klage sender dei 20. november, etter å ha opplevd underbemanning og kaotiske tilstandar ved levering. Dei påpeikar at dei heller ikkje har fått gjennomført foreldresamtale i haust. Eposten blir ikkje besvart.

Klage nummer 3 blir sendt 6. desember. Då har avdelinga den eine ungen deira går på vore utan pedagog sidan 23. november. Dei ustabile forholda har byrja å påverka fleire born, som er utrygge då dei ikkje lenger kjenner dei vaksne.

Klage 4 og 5 blei sendt på nyåret. Torsdag 4. januar var det berre éin nytilsett på avdelinga der det er 12 born. Styrar svarer at det var fire vaksne på avdelinga frå klokka 8.30 til 13, og tre etterpå og ut dagen.

Klage nummer 5 blei sendt dagen etter. Her bestrider ho siste faktura frå barnehagen til feil er retta opp. Vedlagt i eposten legg ho ei liste med krav om retting av mangler og krav om prisavslag.

Her er 7 av 12 manglar dei påpeiker:
- Gir oss foreldre bekymring for barnas sikkerhet
- Mangler aktiviteter av pedagogisk karakter
- Mangel på trygge voksne som barna har tilknytning til
- Mangler pedagog på avdeling
- Månedsplan blir ikke fulgt
- Får ikke tilsendt ukesrapport
- Har ikke fått tilbud om foreldresamtaler høsten 2017

– Nokon må snart kunna gripa inn

Laurdag 6. januar, dagen etter siste klage blei sendt, kom varsel om at barnehagen vurderer å seia opp barnehageplassane deira:

«Ettersom vi ikke kan komme til enighet og dere i SU har gjort deres beste for å ødelegge bedriften vår så vurderer vi å bruke våre vedtekter punkt 10.6 og si opp dere som kunder hos oss» skriv medeigar Osterdahl.

– Når dei først sender varsel om at dei vurderer å seia opp barnehageplassen, så er det ikkje på bakgrunn av manglande betaling, men fordi vi uroar oss for korleis ungane har det i barnehagen!

Dei to mødrene er fortvilte over situasjonen, som ikkje ser ut til å betra seg, og som sidan starten på oktober har skapt eit høgt stressnivå hos ei rekkje foreldre.

– Når du ikkje veit, frå dag til dag, om kva bemanning barnehagen har, om dei snakkar sant, eller om ungen din har det bra, så blir det etterkvart ei stor belasting. Vi har prøvd å retta oss til Os kommune, som har sagt at vi kan kontakta Forbrukerrådet.

Forbrukerrådet sendte dette svaret:

«Når det gjelder tvister vedrørende barnehager beklager vi å si at vi ikke kan hjelpe deg videre. Forbrukerrådet kan bare behandle saker som ligger innenfor lov om klageorganer for forbrukersaker (forbrukerkjøpsloven, håndverkertjenesteloven, angrerettloven og kjøpsloven der tvisten står mellom to privatpersoner).»

– At Os kommune kan bruka 68.000 til 168.000 kroner per barnehageplass, til nokon som behandlar tilsette og foreldre på denne måten, er vanskeleg å forstå. Det er vi som kjenner dette på kroppen, men det er osingane sine skattekroner det gjeld. Nokon må snart kunna gripa inn.

Begge understreker at dei fram til september 2017 har vore stolte over å ha born i Borgafjell Barnehage.

– Det har vore ein fantastisk plass for borna våre. Det har vore ein stad for tryggleik, leik og lærdom. Vår eldste byrja i barnehagen i april 2015. Vi har eit stort ønskje om at barnehagen skal tilbake til den drifta dei hadde før september 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.