Lokal | 13. apr. 2017

Båt funnen etter tips

Jolla som forsvann frå Halhjem tysdag blei funnen dagen etter.

Båt funnen etter tips
Denne båten blei meldt sakna frå Halhjem tysdag. Onsdag blei han observert i eit ope naust ein annan stad i Os. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. apr. 2017 20:06

Tysdag lovde båteigar finnarlønn då han etterlyste båten sin, eit kvarter seinare fekk han inn første tips.

– Det første tipset var faktisk ein som hadde sett båten før han blie stolen, då eg køyrda han sjølv, seier eigar og ler.

Onsdag formiddag kom eit endå meir interessant tips inn.

– Det var ein som hadde sett ein båt som likna i eit naust som sto ope. Eg var ute og sjekka, og det var min båt.

Han vil ikkje ut med kvar båten blei funnen, men seier det var ein stad i Os, og eit godt stykke frå Halhjem. Båten var uskadd og er henta av eigar, som ikkje vil melda saka til politiet.

– Eg vil berre takka alle som hjelpte og som kom med tips, og så håper eg båten får ligga i fred frå no av. Kanskje engasjementet hos tipsarar er avskrekkande på andre som lurer på å stela båt, håper eigaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.