Sport | 07. mai 2017

Bataljen i Lysefjorden

– Vi vann fortent, seier Hetlevik. – Eit lag vi bør ha eit godt stykke bak oss på tabellen, meiner Hjertnes.

Bataljen i Lysefjorden
Lysekloster leia 2-0 då Ljobivic gjekk i bakken og Søvik fekk raudt kort. Då kokte det på sidelinja. (Foto: Bjarte L. Haugland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. mai 2017 21:21

Bildeserie:

Lysekloster frampå frå start. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Så fekk Os eit lite overtak. (Foto: Bjarte L. Haugland)

0-0 og stolpeskot av Mikkelsen. (Foto: Bjarte L. Haugland)

1-0 av Østervold i 16. minutt. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Steffen prøver å passera Vladan. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Kristoffer i duell med Torkel. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Det blei mykje kriging og duellar i kampen. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Gult kort til både Rafael og Vladan. (Foto: Bjarte L. Haugland)

2-0 i første speleminutt. (Foto: Bjarte L. Haugland)

– Vi tok over og fekk ro på oss, seier Lysekloster-trenaren. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Tomålsskårar Østervold blir byta ut og gratulert. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Starten på raudt kort-situasjonen. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Rett etter dette gjekk Ljobivic i bakken. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Crespo Søvik fekk raudt kort. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Krigen heldt fram. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Thomas Helland blanda seg etter ei takling av Villén og fekk sjølv gult kort. (Foto: Bjarte L. Haugland)

Tøffe tak, men takk for kampen blei det likevel. (Foto: Bjarte L. Haugland)

1 av 17

Kampen mellom Lysekloster og Os resulterte i 2-0-siger til Lysekloster, som på førehand var favorittar hos oddssetjarane.

Det blei delt ut til saman fire gule og eitt raudt kort i kampen.

I duellen mellom Rafael Villén og Vladan Radojkic i første omgang skal Villén ha fått ei flaske i hovudet. Begge spelarane fekk gult kort. Villén hadde sjølv ei takling på overtid, der han kunne risikert sitt andre gule kort. I staden fekk Thomas Helland, som blanda seg i diskusjonen som følgde, kampens siste gule.

Enrique Crespo Søvik (Os) fekk direkte raudt kort i 64. minutt, 7 minutt etter at han blei byta innpå. Kortet kom etter ein duell som for Midtsiden sin fotograf såg ut som ein skulderduell med noko armbruk, men der Denis Ljubivoc gjekk i bakken og heldt seg til ansiktet.

– Vi tok over

– Os starta best og fekk eit lite overtak. Så tok vi over og vann det meste av duellar, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik, nøgd med sigeren i det prestisjetunge lokaloppgjeret.

Kristoffer Østervold skåra i 16. og 46. minutt.

– 2-0 kom på eit innøvd trekk som vi fekk avkasting på. Det gav oss litt ro. Samtidig var det spenning i kampen heile tida, og ei deilig ramme på lokaloppgjeret, med fint vêr og mykje folk på tribunen.

Skuffa, men ikkje skremt

Os reiste skuffa tilbake over Søvikåsen.

– Vi spelte bra i store periodar, men våga ikkje nok. Vi var heller ikkje gode nok i boks. Lysekloster slo veldig mykje langt, men skapte ikkje så mykje dei heller. Alt i alt føler eg kampen var ganske jamn, seier Hassan El Fakiri.

– Kampen blei dessutan prega av mykje kriging og duellar.

El Fakiri ønskjer ikkje å kommentera dommaravgjerdene eller korta.

– På dei to skåringane var vi svake. På den første er vi overtent og går tre mann på samme ball, mens ballen ramlar ned i beina på Østervold, og den andre, i første speleminutt av andre omgang, der var vi rett og slett sløve etter pause.

– Gler oss til returoppgjeret

Begge lag er nøgde med at ingen spelarar er skadde etter krigekampen.

– Vi har heller ingen karantene etter korta som kom, seier Hetlevik.

Os-spelar og tidlegare kaptein Torkel Hjertnes gler seg allereie til returoppgjeret.

– Dei hadde fleire sjansar enn oss i dag, den skal dei ha, men eg føler dei fekk måla litt for enkelt og eg trur det raude kortet var svært billig. Samtidig var det er kjekt å sjå at dette ser ut som eit lag vi bør ha eit godt stykke bak oss på tabellen når sesongen går mot slutt. Vi skal ha revansje på Kuventræ, lover Hjertnes.

Os - Lysekloster blir spelt laurdag 19. august (kampstart klokka 14).

– Det var litt synd at ikkje Lysekloster gav speletid til ein av dei to lokale spelarane dei har, så det faktisk hadde blitt eit lokaloppgjer. Det hadde sikkert vore ein kjekk kamp for Kvittingen og Øvredal å få spela. Vi stiller med 8 osingar frå start og bruker 6 spelarar på 18-20 år.

Klatra til 2. plass

Lysekloster ligg no på 2. plass på tabellen, eitt poeng bak Sotra, som har 10 poeng.

Os ligg på 4. plass med 7 poeng etter fire rundar.

Os har Varegg heime på laurdag, Lysekloster speler også neste kamp på heimebane, mot Fyllingsdalen, søndag om ei veke.

SJÅ TERMINLISTE OG TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.