Lokal | 13. aug. 2014

To båtar på rek

Politirapporten: To båtar på rek teke, i Særvollvågen og Vargavågen, teke hand om. Fem bilar avskilta for manglande EU-kontroll.

To båtar på rek
Vargavågen. (Arkivfoto: KVB) 
Andris Hamreonsdag 13. aug. 2014 08:08

Politiet fortel onsdag at dei har fått melding om to båtar som har blitt teke hand om etter at stormen «Lena» og «Bertha» vitja Os i helga og dei siste dagane.

– Den første er ein 10 fots-jolle uten motor, men med rattkonsoll.

– Denne skal ha pleid å ligga på land nederst i Særvollveien, men har truleg blitt skylt på sjøen av vind og flo.

– Meldar har sikra den og fortøyd den, men den ligg gjerne på ein anna plass enn den pleiar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

– Den andre båten er ein Askeladden 14-15 fots med ein 9,9 hk Suzuki påhengsmotor og svart botnsmørning.

– Den blei funnen på rek i Vargavågen og meldar har fortøyd den der ute.

– Eg vil oppmoda alle som har mindre båtar, og som ikkje har vore å sett til dei etter stormen i helga om å gjera det, seier politioverbetjenten.

Avskilta for manglande EU-kontroll

Tysdag avskilta patrulja frå lensmannskontoret fem bilar for manglande EU-godkjenning.

– Eit par av dei har allereie vore innom lensmannskontoret og lagt fram papirer på at bilen deira er godkjent.

– Kor feilen har oppstått, slik at det ikkje er registret i systema veit eg ikkje, men vil oppfordra både bilverkstader og bileigarar om å vera ekstra påpasselege med at papira blir sendt inn, avsluttar Hadler-Olsen.

Les óg: – Sørg for å få med godkjenninga

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.