Lokal | 14. juni 2013

Batman skal brifa med båten

I morgon kan du sjå Bergen Poker Run frå fleire landfaste plassar i Os. Men kor tid kjem dei?

Batman skal brifa med båten
Jon-Terje Lepsøy og Kjetil Bjørnberg som Batman og Robin under Poker Run i 2010. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. juni 2013 20:12

Laurdag er det tid for årets Bergen Poker Run, båttreffet for dei med skuter som går i godt over 40 knop.

Sjå video og bildeserie frå Bergen Poker Run 2012.

Om du ikkje har båt kan du sjå konvoien frå land frå lant anna Strønebrua, Øyane eller Halhjem.

Stor og liten Batman

14 båtar er påmeldt, ein av dei faste deltakarane er Jon-Terje Lepsøy i "Batboat Myggen", ein 24 fot båt med 600 hestekrefter.

– I kveld har vi vore på møte, i morgon i 12-tida kjører vi frå Vågen i Bergen, fortel Jon-Terje.

I år er også "storebror" med, BigBatBoat på 28 fot med 750 hk.

– Vi skal gje litt gass på Byfjorden, til ære for nokre fotografar, før vi set kursen mot Hjellestad.

I Øyane rundt klokka 13

Etter Hjellestad blir det full fart mot Strønebrua, på sakte forbi Os Seilforening, og flat pedal frå Ulvsund til Lepsøybrua.

– Eg reknar med at vi er på Vedholmen Landhandel rundt klokka 13, seier Jon-Terje.

Etter bollehandel og litt bunkring på Hølmen går turen vidare på sakte fart gjennom Hauglandssundet, forbi Halhjem ferjekai og ut på fjorden.

– Etter at vi har kome på fjorden skal vi sjå om vi finn ut kven som har årets raskaste båt, seier Lepsøy.

Med andre ord, om du har eigen båt kan det vera lurt å ligga ved Bjørnatrynet i 13.30-14.00-tida, så kanskje du får med deg ein spennande fartsetappe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.