Sport | 10. juni 2010

The battle of Bjørnen

1 straffe, 2 utvisingar og 2 skåringar - det blei tøffe tak i toppkampen mellom Søre Neset og Krabbetor.

The battle of Bjørnen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. juni 2010 23:30

Bildeserie:

1 av 8

Både Søre Neset og Krabbetor sto utan tap før torsdagens toppmøte på Bjørnen. Begge hadde to uavgjorte bak seg, men Søre Neset toppa med betre målforskjell (31-13 mot Krabbetor sine 29-13) tabellen for 5. divisjon avdeling 1.

Kampen enda 1-1 (0-0)
Målskårar, Søre Neset: Kjetil Henriksen (straffe).

SJÅ VIDEO AV STRAFFEN NEDST I ARTIKKELEN

Med ei luke på 10 poeng bak til 3. plassen var kveldens kamp viktig for begge lag. Sjølv om det er ein viss sjanse for at begge lag kjem til å gje vekk eit og anna poeng i løpet av siste halvdel av sesongen.

God motstandar
Alvoret i kampen prega innsatsen, men dei ganske mange som møtte fram for å sjå Søre Neset i aksjon fekk ikkje sjå så fin fotball denne kvelden.

- Det har mykje med motstanden å gjera, Krabbetor er gode og har tydelegvis god greie på korleis vi speler for dei låste av eit par av nøkkelspelarane våre, seier trenar Morten Øvrebø.

To utvisingar
Det blei delt ut ein serie gule kort i kveldens kamp og både Frank Haugland og Andreas Pettersen blei utvist i siste del av andre omgang.

- Eg fekk ein olboge i kjeften i to duellar etter kvarandre. Då blei eg lei, seier haugland, som i fjor var spelande trenar på Søre Neset.

Han skubba i motspelaren og spurte om ikkje dommaren kunne følgja betre med. Krabbetor-spelarane ropte på dult kort og dommaren var lydig. Dette var Frank sitt andre for kvelden, så då måtte han av banen.

Kom mot slutten
Det var Krabbetor som gjekk i føringa i andreomgang. Dei hadde også sore delar av spelet, men i sjansar var det ganske jamt.

0-1-leiinga såg ei stund ut til å stå seg kampen ut, men så byrja Søre Neset å mata på med innlegg frå kantane. Dette lukkast dei betre med enn forsøk frå midtbanen direkte mot mål.

Søre Neset var nær på skåring på same kombinasjon to gongar på rad, Niklas Linde med innlegg frå venstre kant til Torbjørn Hjelle inne i boksen.

Den første fekk ikkje Hjelle foten skikkeleg på, den andre sendte han vidare til Kjetil Henriksen, som skåra samstundes som det blei blåst offside på Hjelle.

Ei stund seinare fekk Henriksen ny sjanse etter at Tore Kinden blei takla innanfor 16-meteren. Kjetil skåra og redda poengdeling i toppoppgjeret.

SJÅ TABELL

Søre Neset held på topplasseringa, og har berre éin kamp igjen før sommarferien. Den går på bortebane mot Hetlevik fredag 18. juni. Hetlevik ligg på 7. plass med 10 poeng etter 8 rundar, og har nyleg slått Apollo 7-2.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.