Lokal | 21. juli 2014

Bensintjuvar øydela feriedagen

– Bensinen dei stal betyr ikkje noko, men at dagen gjekk med til å få tak i ny tank var utruleg irriterande, seier Frank Tøsdal, og håper tjuvane tar kontakt.

Bensintjuvar øydela feriedagen
I dette sundet ligg båten til Frank Tøsdal, som natt til søndag blei utsett for tjuveri. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. juli 2014 11:14

Søndag skulle Frank Tøsdal på båttur med familien, men båten, som ligg ved ei brygge rett innanfor Halhjem ferjekai, hadde ingen bensintank om bord.

– Dagen gjekk med til å prøva å få tak i ny bensintank, i staden for å vera på fjorden og nyta finvêret, det var ganske irriterande, seier båteigar Frank Tøsdal.

Fekk tips – fann tanken

I forsøk på å få tak i ein ny bensintank la Frank ut ei melding på facebook. Det gav ein annan respons enn venta.

– Eg fekk tips frå ein som hadde observert tjuvane natt til søndag. Ungdomar i tre ulike båtar hade romstert utanfor brygga før dei kasta tanken uti og prøvde å søkka den.

Tipsaren hadde tatt vare på tank og slange som båteigar kunne henta. Likevel vil han ha ein prat med tjuvane.

«Forholder kommer ikke til å bli anmeldt ...»

I ei melding nummer to på facebook skriv Frank Tøsdal at ungdomar i tre båtar er observert og fotografert, blant anna i ein svart båt med gul og raud stripe.

Han skriv vidare at saka ikkje blir meldt til politiet, men at han oppmodar dei om å ta kontakt, elles vil han «drive oppsøkende virksomhet».

– Kva meiner du med «oppsøkende virksomhet»?

– Eg vil ikkje gjera så mykje ut av saka, sjølv om det var irriterande å få båtturen øydelagt. Eg vil rett og slett berre be dei om å gje tilbake tanklokket mitt, fort det manglar, seier Frank Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.