Hamnesjefen si skjebne ligg no i henda til Fylkesmannen i Hordaland (foto: Andris Hamre)

Vurderer kva dei skal gjera med Hamnesjefen

OPPDATERT: Kommunen ba Fylkesmannen gjera ei konkret vurdering og treffa naudsynte tiltak i høve hamnesjefen. No viser det seg at makta er delegert til kommunen.

Av: Andris Hamre

Som Midtsiden skreiv i saka om knoppsvanehannen «Hamnesjefen», som i dag drog ei barnehagejente med seg og delvis under vatn i Mobergsvikjo, ville kommunen setja seg ned og sjå på kva dei kunne gjera.

• Les òg: Dro ei lita jente under vann 

– Vi har sjekka godt og grundig rundt kva og korleis vi skal agera rundt denne saken. Vi har no sendt eit brev til Fylkesmannen i Hordaland som rette instans, fortalde fungerande ordførar Laila Reiertsen (Frp) tidleg på ettermiddagen.

Etter litt meir korrespondanse med fylkesmannen viste det seg at mynde til å fatta vedtak var delegert til kommunen.

– Eg har vore fleire runder både med politi og fylkesmannen i løpet av dagen. Litt før klokka 16 i dag fekk vi klarhet i at mynde er delegert til kommunen, så det blir opp til oss å fatta vedtak, fortel kommunalsjef Nils-Petter Borge.

Ba fylkesmannen treffa tiltak

I det opprinnelege brevet, som Borge skreiv til fylkesmannen sto det:

Viser til dagens hendelse kor svanen gjekk til angrep på eit barn i Mobergsvika badeplass og forsøkte å trekke barnet under vatn.

Slik åtferd til Havnesjefen har utvikla seg er no grensen nådd for kva vi meiner er forsvarleg. Fleire innbyggjarar har i den seinare tid vore i kontakt med oss og melder om svært aggressiv åtferd frå denne svanen, sjølv om ein gjer sitt beste for ikkje å provosera.

Mobergsvika er eit ynda utfartsstad på fine sommardagar. At vi no skal gå sommaren i møte kor ein skal vera engstelig for barna som leiker fredleg i sjøkanten på grunn av denne svanen, tykkjer vi frå kommunen sin side er uholdbart. Vi ber om at Fylkesmannen gjer ei konkret vurdering og treffer dei tiltak dei meiner er naudsynte for at folk skal kunne opphalde seg i den offentlege badeplassen i Mobergsvika, samt å nytta det offentlege arealet rundt Os havn utan å måtte frykte for liv og helse.

Komplisert lovverk

Borge fortel at lovverket ein skal fatta vedtak etter er komplisert og omfattande.

– Difor treng vi litt tid på å setta oss inn i det før vi kan fatta eit vedtak. Dette skal gjerast rett og både dei som blir utsatt for angrep av han, og dei som har teke seg av han opp igjennom åra fortener å bli tatt på alvor. Difor vil vi nytta den tida vi treng. Det vil nok ikkje bli fatta eit vedtak før ut i neste uke, seier Borge.