Lokal | 12. juli 2017

Ber språkrådet om råd

Kommunesamanslåinga • Ber Språkrådet om hjelp med faglege råd og kvalitetssikring av dei tre aktuelle namna før endeleg vedtak.

Ber språkrådet om råd
Kommunane Os og Fusa ber om råd frå Språkrådet (foto frå Møsnuken mot Fusa: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 12. juli 2017 10:55

I eit brev frå kulturleiar Erik Vangsnes i Fusa kommune og kultursjef Lisbeth Axselsen ber dei Språkrådet om hjelp og faglege råd før dei to kommunestyra skal bestemma seg for det endelege namnet på den nye kommunen.

– Som ein del av kommunereformprosessen i dei to kommunane har det vore mogeleg for folk å koma med forslag til kommunenamn i ein digital høyringsprosess. Det var mange innspel, men tre hovudalternativ til namn gjekk att. No ønskjer vi at Språkrådet kan hjelpa til med faglege råd og ei kvalitetssikring før namneforslaga vert handsama politisk, heiter det i brevet.

Tre alternativ

Etter høyringsprosessen står ein no att med tre hovudalternativ.

Bjørnefjorden/Bjørnafjorden/Bjørnefjord/Bjørnafjord
Bjørnefjorden kommune har så langt vore eit arbeidsnamn i kommunereformprosessen. Fjorden Bjørnafjorden ligg mellom kommunane Os, Fusa, Tysnes og Austevoll. Namnet Bjørnafjorden blir på folkemunne brukt om ein større del av fjordområdet mellom Os og Fusa enn det som går fram av nye kart. Det er m.a.o. ikkje samsvar mellom namn i kart og lokal namnebruk. Fjordnamnet har blitt nytta som ein lekk i namn på ulike regionssamarbeid innan t.d. reiseliv og næring og då med vekslande tema og deltakande kommunar. Fjordnamnet er også nytta i ei rekkje eigennamn både til organisasjonar, offentlege organ og private verksemder t.d. Bjørnefjorden golfklubb, Bjørnefjorden landbrukskontor og Bjørnefjorden gjestetun.

Midthordland/Midhordland
Midthordland er eit eldre administrativt namn på distriktet som femner om kommunane sør, aust og vest for Bergen; Samnanger, Fusa, Os, Austevoll, Bergen, Askøy og Sotra-kommunane. Midthordland er i dag ikkje namn på eit regionsamarbeid, slik som Sunnhordland og Nordhordland, og namnet har i seinare år vore i mindre bruk enn desse. Midthordland var i ein periode namn på eit prosti og er nytta i rettsvesenet om t.d. eit tidlegare tingrettsdistrikt og i Nord- og Midhordland jordskifterett. Midthordland har vore nytta som eigennamn i kommunane Os og Fusa om alt frå Midthordland branntrygdelag, revisjonsdistrikt, to lokalaviser til rutebåten M/S Midthordland.

Os og Fusa
Samankoplinga Os og Fusa i eigenamn er lite i bruk. Eit døme på aktiv bruk er lokalavisa «Os og Fusaposten».

Dei to kultursjefane ber om ei uttale innan 15. august, då saka skal handsamast politisk i kommunestyremøtet 26. august.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.