Sport | 04. mai 2015

Berga poeng på overtid

Preben Skorpen blei dagens Lysekloster-helt då han skåra 3-3-målet på overtid og berga eitt poeng i årets første heimekamp.

Berga poeng på overtid
Prebens Skorpen utligna til 3-3 på overtid (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 04. mai 2015 21:07

Bildeserie:

1-0: Thomas Helland (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
1-0: Thomas Helland (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Brann opp i 2-1 ved Rotihaug (foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Brann opp i 2-1 ved Rotihaug (foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Det var tøffe tak i Lysefjorden (foto: Andris Hamre)
Det var tøffe tak i Lysefjorden (foto: Andris Hamre)
Og tette duellar (foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Og tette duellar (foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Både Baste Jonassen (foto: Andris Hamre)
Både Baste Jonassen (foto: Andris Hamre)
Og Lars Henrik Skage var frampå (foto: Andris Hamre)
Og Lars Henrik Skage var frampå (foto: Andris Hamre)
Før dommaren meinte Fredrik Heggland felte Skage i denne situasjonen (foto: Andris Hamre)
Før dommaren meinte Fredrik Heggland felte Skage i denne situasjonen (foto: Andris Hamre)
Noko Heggland ikkje skjønte mykje av (foto: Andris Hamre)
Noko Heggland ikkje skjønte mykje av (foto: Andris Hamre)
Baste Jonassen satte straffesparket sikkert i mål (foto: Andris Hamre)
Baste Jonassen satte straffesparket sikkert i mål (foto: Andris Hamre)
1 av 9

På nye, utvida, Framo Idrettspark i Lysefjorden tok Lysekloster imot Brann 2 med Fredrik Heggland som sentral midtstoppar måndag kveld. I regn og vind blei det ein kamp kor kvart av laga langt på veg styrte kvar sin omgang.

Lysekloster tok leiinga etter 24 minutt satte Thomas Helland inn det første målet etter at han sjølv starta angrepet med ein pasning ut til kanten.

Omgangen var uten tvil Lysekloster sin, med fleire gode angrep, mellomanna eit som enda i tverrliggaren. Brann si største sjanse, var i tillegg til at dei ein gang kom rundt på kanten, eit sleivspark frå ein Lyseklosterspelar kor keeper Chris Sunde Midtun måtte ut i full strekk.

Brann tok over

I andre omgangen hadde tydelegvis Brannspelarane fått nokre kloke ord på vegen. Bergenslaget tok over spelet og føringa i kampen. Etter 52 minutt sto det 1-1 i Lysefjorden etter utligning av Ahmed Omar. Berre fire minutt seinare får Oliver Rotihaug gå opp umarkert og heada inn 2-1 til bortelaget.

Lysekloster hadde problem med å henga med i starten av omgangen og kom ikkje skikkeleg frampå før Fredrik Heggland gav Lysekloster straffe etter det dommaren meinte var ei felling. Ein situasjon vi vil tru blei diskutert etter kampen, i allefall i Branngarderoben.

Baste Jonassen bringer balanse i rekneskapet og uliknar sikkert til 2-2.

Vakna mot slutten

Målet gav Lysekloster ei vitamininnsprøyting, men det var Brann som igjen gjekk opp i leiinga. Rotihaug som skåra 2-1 var frampå igjen og førte gjestane opp i 3-2, litt mot spelets gang.

Lysekloster pusha på mot slutten, men kampen måtte gå til overtid før utligninga kom. Etter eit frispark frå omlag 22 meter sprett ballen litt fram og tilbake innanfor Brann sin 16 meter før Preben Skorpen blir dagen Lysekloster-helt med å banka ballen inn bak Markus Olsen Pettersen i Brann-målet.

Ikkje kyniske nok

Lysekloster-trenar Ørjan Sandal er nøgd med at dei bergar eitt poeng i sesongens først heimekamp, men ikkje nøgd med kampen.

– Vi spelar ein god første omgang.

– I starten av andre er vi ikkje kyniske og tøffe nok i duellane.

– Vi gir vekk for lette mål. Samstundes tykkjer eg vi reiser oss igjen og er gode og aggressive dei siste tjue minutta.

– 3-2 skåringa kjem litt mot spelets gang, difor var det deilig at Skorpen utlignar på overtid, oppsummerar Sandal.

– Korleis var det for gutane å spela på ei ny og større bane?

– Litt uvant i starten var det nok. Vi brukte dei første 15 minutta til å venja oss til det.

– Ei så stor bane passar eigentleg spelet vårt godt, så med litt fleire kampar på den, så vil det blir bra, avsluttar Sandal.

Lysekloster-Brann 3-3 (1-0)
Lysekloster sitt lag: Chris Sunde Midtun, Baste Jonassen, Preben Skorpen, Aleksander Andersen, Sindre Hitland Flaa, Hans-Christian Nysæther, Espen Birkeland, Joakim Hjelmeland, Ola Sjømæling, Thomas Helland, Lars Henrik Skage.

Innbyttarar med speletid: Tommy Gaustad, Kim André Liseth og Tommy Gaustad.

Lysekloster ligg etter kampen på 5. plass, to poeng bak Øystese på 1. plass.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.