Bergen Trio

Oseana Kammerfest

Med den norske unge superfiolinisten Sonoko Miriam Schimano Welde i ein trio med Olse Christian Haagenrud (klaver) og Amalie Stalheim (cello).
 
Program: Tchaikowsky, Piano trio in a minor, Op50. Grieg, Ballade in g minor, Op24.
 
Sonoko Miriam Welde vant NRKs “Virtuos”-konkurranse og representerte Noreg i Eurovisjonens finale i Köln i 2014, der ho spelte for mange millionar europeiske TV-sjåarar.
Sidan ho først opptredde med Bergen filharmoniske orkester som niåring, har ho spelt med Oslo-filharmonien, Kringkastingsorkesteret, WDR Sinfonieorchester Köln, Combattimento Consort Amsterdam, Zagrebsolistane, Oslo Camerata, Ung symfoni og Estonian Chamber Orchestra.
Sonoko Miriam er ein entusiastisk kammermusikar, som har samarbeidd med anerkjende kunstnarar som Leif Ove Andsnes, Tabea Zimmermann, Clemens Hagen og Itamar Golan, og ho har vore invitert til mange festivalar.
Hovudlærarar gjennom mange år ved Barratt Due musikkinstitutt har vore Stephan Barratt-Due og Alf Richard Kraggerud. Frå og med våren 2016 har ho studert ved Hochschule für Musik Hanns Eisler, Berlin, under professor Kolja Blacher, med ekstraundervisning frå Vilde Frang.
Sonoko Miriam opptredde ved Oslo-filharmoniens sommarkonsert i 2016, og er blitt utvald til å delta på det prestisjefylte mentorprogrammet deira, «Crescendo». Ho vart også tildelt Statoil-prisen i 2016. Sonoko Miriam spelar på en 1714 Alessandro Gagliano, utlånt frå Dextra Musica.
 
Cellisten Amalie Stalheim kjem frå ein musikalsk familie, og musikken var dermed eit naturleg vegval. Ho begynte å spela cello ved Bergen kulturskole då hun var seks år gammal, og fortsette seinare studiane ved Barratt Due musikkinstitutt.
Amalie studerer for tida hjå professor Torleif Thedéen ved Kungliga musikhögskolan i Stockholm, Edsberg slott.
Som solist har Amalie opptredd saman med Bergen filharmoniske orkester, Gävle symfoniorkester, Südwestdeutsches Kammerorkester, Symfoniorkesteret ved Musikhögskolan i Stockholm og ei rekkje halvprofesjonelle orkester i Noreg og Sverige.
Amalie fekk førstepris i Ljunggrenska tävlingen i 2015 og førstepris i Ungdommens musikkmesterskap i 2012, og ho har også vunne ei rad andre prisar og stipend ved internasjonale festivalar og konkurransar.
Amalie vart kåra til «Ung svensk solist 2016» av kulturverksemmda Scenkonst Sörmland, og vart då invitert til å gi en solokonsert ved Julita gård i Sverige.
Amalie spelar på ein svensk cello, bygd av Peter Westerlund i 2016.
 
Ole Christian Haagenrud vert rekna som ein av dei mest lovande unge pianistane i Noreg. Han avslutta nyleg diplomstudiet ved Musikkhøgskolen i Oslo, der han hadde Jens Harald Bratlie og Håvard Gimse som lærarar.
Ole Christian har mottatt ei rekkje prisar og utmerkingar. I 2014 fekk han Robert Levins festspillpris. I 2008 vann han Ungdommens musikkmesterskap, og fekk utmerkinga «Årets musiker».
Han er ein svært ettertrakta kammermusikar og akkompagnatør, og han deltar jamleg på festivalar i Noreg og i utlandet. Han har samarbeidd med musikarar som bl.a. Lars Anders Tomter, Henning Kraggerud og Arve Tellefsen.
Ole Christian har hatt solo- og kammermusikkoppdrag i bl.a. Austerrike, Kina, Kroatia, Danmark, England, Tyskland, Nederland, Litauen, Polen, Portugal, Russland, Slovakia, Slovenia, Spania, Sverige, Sveits og USA. Han har opptredd i prestisjefylte konsertsalar som Concertgebouw i Amsterdam, J. F. Kennedy Center i Washington DC, Stephaniensaal i Graz, Lithuanian National Philharmonic Hall i Vilnius og Brahms-salen i Wiens Musikverein.
 
Billettar
Førehandskjøp: 250,-
Konsertdagen: 285,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement!
 

Søndag, august 27, 2017 - 19:00