MF Fanafjord ved kai på Halhjem. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Berre to ferjer

OPPDATERT: På grunn av tekniske problem var C-avgangane mellom Halhjem og Sandvikvåg kansellerte. Ferja er no i drift igjen.

Av: Andris Hamre Fredag, januar 20, 2012 - 16:24

Midtsiden fekk i 1615-tida melding frå Fjord1 om at dei hadde problem med ei av ferjene mellom Halhjem og Sandvikvåg.

- Grunna mindre tekniske problem er det nå to ferjer i sambandet.

- Vi reknar med normal drift om to til tre timar, meldar ferjeselskapet.

Det er avgangen merka C i rutehefte som er kansellerte truleg fram til i 18-19-tida fredag ettermiddag.

Rett før klokka 19 kom C-ferja i drift igjen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: