Lokal | 03. juli 2017

Besøkte Nøtteliten etter svaneangrepet

Laila Reiertsen fekk høyra korleis dei tilsette opplevde episoden i Mobergsvikjo fredag.

Besøkte Nøtteliten etter svaneangrepet
Jannicke Eidsvik i Nøtteliten Barnehage fekk i dag besøk av varaordførar Laila Reiertsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. juli 2017 12:28

Bildeserie:

14 ungar frå utegruppa i barnehagen var i Vikjo fredag. (Foto: KVB)
14 ungar frå utegruppa i barnehagen var i Vikjo fredag. (Foto: KVB)
Brått kom Hamnesjefen gjennom denne kanalen og inn i fjøra. (Foto: KVB)
Brått kom Hamnesjefen gjennom denne kanalen og inn i fjøra. (Foto: KVB)
Nøtteliten takka redningsmannen, Ole Christian Brekke. (Foto: KVB)
Nøtteliten takka redningsmannen, Ole Christian Brekke. (Foto: KVB)
1 av 3
14 ungar frå utegruppa i barnehagen var i Vikjo fredag. (Foto: KVB)
Brått kom Hamnesjefen gjennom denne kanalen og inn i fjøra. (Foto: KVB)
Nøtteliten takka redningsmannen, Ole Christian Brekke. (Foto: KVB)

Måndag, mens landbrukssjefen i Os og Fusa skal avgjera om knoppsvanehannen «Hamnesjefen» skal avlivast, var varaordførar Laila Reiertsen på besøk i Nøtteliten Barnehage på Søfteland.

• Bakgrunn: Drog ei lita jente under vatn

– Eg var hos familien til jenta som blei utsett for angrepet i går. Dei gav uttrykk for at dei sette pris på det, og eg synest sjølv det var godt å få snakka med ho, seier Reiertsen, som var fungerande ordførar, og som no har sett i gang eit apparat for å ta stilling til om noko skal gjerast med situasjonen med den territoriale svana.

Foreldra til jenta har bestemt seg for å skjerma ho for riksmedia, som i helga skal ha vore svært ivrige etter å få intervjua ho.

– Det trur eg er rett av dei. Jenta har sår og kul i bakhovudet etter angrepet, og kan nok vera glad for at ho fekk snudd vekk ansiktet.

Foreldra var i går, saman med jenta, og besøkte redningsmannen med blomar og vin, noko han set stor pris på.

– Alt skjedde veldig fort

Jannicke Eidsvik er ein av dei tre tilsette i barnehagen som var med til Mobergsvikjo fredag.

– Vi har, som fleire andre barnehagar i Os, ei utegruppe, og er opptatt av at desse også skal få oppleva livet i fjøra. Då det var fine vermeldingar for fredag infomerte vi foreldra om at vi ville på tur til Vikjo, at dei måtte smøra ungane inn med solfaktor og at alle måtte ha redningsvest med seg.

Ungane gjekk på ei linje ut frå busshaldeplassen til friluftsområdet ved Oseana, og sette seg fint på muren mens ein og ein fekk på seg redningsvest.

– Då dei skulle uti gjekk ein kollega av meg ut til kneet i vatn, mens eg sto i fjøra. Dei som ville vassa fekk lov å vera mellom meg og ho.

– Det var ingen svanar å sjå då vi byrja å bada, men brått såg eg Hamnesjefen kom i ein enorm fart. Vitne fortel at den kom gjennom opninga i moloen. Eg ropte på kollegaen min, som akkurat rakk å snu seg før ho blei angripen.

Då den vaksne dama forsvarte seg snudda svana seg rett etter den fem år gamle jenta og gjekk til angrep på ho i staden.

Jenta hylte mens svana hogg med nebbet gjentatte gongar mot hovudet, slo med vengene og drog ho med seg etter kragen på redningsvesten.

Lynrask redningsmann

Jannicke er glad for at Ole Christian Brekke, ein mann som tilfeldigvis var i Mobergsvikjo med dottera si, kom springande til for å hjelpa.

– Hadde det ikkje vore for denne fantastiske unge mannen sin innsats veit eg ikkje korleis det ville gått. Han var lynrask, gav meg dottera si så eg kunne passa ho, og fekk vekk svana med ein gong.

Brekke tok svana med ut på djupare vatn mens ungane kom seg trygt på land.

Siste dag i barnehagen

Dei tilsette i barnehagen ringte både politi og brannvesen, men ingen dukka opp.

– Vi reagerer litt på det, som om dei ikkje tar svana på alvor. Det kom ingen for å sjå korleis det gjekk med jenta, eller om vi trengte hjelp.

Jenta blei henta av far.

– Dei andre ungane var skremte, og lurte veldig på korleis det var med ho. Dette var også hennar siste dag i barnehagen, då ho byrjar på skule til hausten, men ho har lovd meg å koma innom barnehagen seinare i veka, så eg får ein god klem før eg tar ferie.

Etter at jenta var henta bestemte dei vaksne seg for at denne opplevinga ikkje skulle øydelegga den elles så fine dagen.

– Vi opna for vassing igjen, men då med eigen svanevakt. Enkelte gjekk rett uti, andre nølte litt før dei ville ut i fjøra igjen. Vi har snakka med foreldra til fleire av dei som var med, og det skal ha gått fint med alle, sjølv om opplevinga nok har sett sine spor.

Slutta å telja på 150 sms

Dagen i dag blei ein vanleg dag i barnehagen, supplert med is frå varaordføraren.

Helga har ikkje vore heilt vanleg for Reiertsen.

– Eg har fått enormt med tekstmeldinger, eg slutta å telja på 150. I tillegg har det kome beskjedar på messenger og epost. Det er fleire synspunkt, men ei overvekt av folk som meiner at svana no bør avlivast.

Kommentar: Bør Hamnesjefen fjernast?

– Det kom og meldingar utover natta, så det blei ikkje så mykje søvn. Som fungerande ordførar er eg i beredskap, så eg kan ikkje ta lyden av på telefonen, fortel Reiertsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.