Sport | 03. sep. 2010

Best i vest: «Leik»

Etter fem skåringar på dei to siste kampane er Vegard Leikvoll Moberg toppskårar blant andredivisjonslaga frå Vestlandet.

Best i vest: «Leik»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. sep. 2010 07:06

Vegard Leikvoll Moberg hadde ikkje fylt 18 år då han etter 2008-sesongen blei tatt opp i A-stallen. I 2009 debuterte han ved å spela frå start og skåra på straffe i serieopninga på bortebane mot Norheimsund, ein kamp Os vann 0-2.

Vegard skåra 4 mål for A-laget og 7 for B-laget i fjorårets doble opprykkssesong.

8 mål på halv tid
2010 ser heller ikkje ut til å bli så verst 19-åringen, han har spelt 776 minutt til no, altså knappe halvparten av Os sine 1620 speleminutt (18 kampar a 90 min.), og allereie skåra 8 mål.

- Han har spelt i 14 av dei 18 første kampane, 8 av dei frå start, fortel trenar Frank Hellevik.

Toppskårarane i 2. div. avd. 1 (før 19. runde)
1. Mostafa Abdealloue (Vålerenga 2): 18
2. Tarjei Dale (Notodden): 14
3. Stian Nikodemussen (Manglerud Star): 13
4. Armin Sistek (Asker): 12
5. Kenneth Torvik Tønne (Frigg): 12
6. Vegard Leikvoll Moberg (Os): 8
Vegard deler 6. plassen med fleire, blant anna Johnny Furdal (Nest-Sotra) og Alfred Berge (Stord), som også har 8 skåringar på samvitet til no.

Os sine målskårarar til no i år:
1. Vegard Leikvoll Moberg: 8
2. Stian Lunde, Tim Henrik Sperrevik og Anders Glesnes: 3
3. Dani A. Bergstø, Endre Brenne og Mats Lepsøe: 2
4. Desse spelarane har eitt mål kvar: Daniel Kalstad, Remi Osebakken, Erik Kanestrøm, Christer Olsen og Torkel Hjertnes.

Fast straffetakar
To av skåringane til Moberg kom på straffe i kampen mot Fana.

- Kva tenkte du då du gjekk fram for å ta straffe nummer to?

- «Skyt i same side». Du ser det ofte på TV, keeper trur ballen kjem i motsett side, så eg satsa på at Fana-keeperen hadde bestemt seg, noko han tydelegvis hadde.

Vegard har også bomma på straffe, for A-laget og for juniorlaget i straffesparkkonkurranse i 1/8-finalen i Norway Cup.

- Å bomma med juniorlaget var det verste, seier toppskåraren som no herjar på seniornivå i 2. divisjon. Os junior elite tapte kampen om plas i kvartfinale etter at fleire enn Leik missa frå 11-metersmerket.

Fotball framfor skule
Vegard var russ i vår. Før fristen var ute søkte han på skuleplass på idrettslinja på Stord, og kom inn, men han har bestemt seg for å ikkje bruka tida på for mykje lesing i 2010 og 2011.

- Eg har fått plass på fotballskule på Mallorca frå slutten av oktober og fram til jul. Det blir fokus på fotball dette året.

Fram til avreise jobbar han handlangar for Vestafjell, firmaet faren Tryggve Moberg jobbar for.

- Kva tenker du om fotball på høgare nivå, som Løv-Ham og Brann?

- Dei får ringa om dei vil, men no tenkjer eg først og fremst på Os og 2. divisjon.

- Men toppklubbane i fylket må gjerne koma og sjå meir på Os. Eg og Baste har spelt med juniorlaget til Brann i kvar si turnering i år, men Os har endå fleire gode ungdomar.

Ny som spiss
Som gutespelar og junior blei Moberg stort sett brukt som midtbanespelar, gjerne med litt defensivt ansvar. i litt defensiv rolle.

På A-laget har han i år vore plassert på sentral midtbane og éin gong på kant, fram til for to kampar sidan.

Medan Tim Henrik Sperrevik og Tore Valvik hadde karantene for gule og raudt kort fekk Vegard tillit på topp. Som spiss frå start mot Frigg og Fana blei det til saman 5 skåringar på Vegard.

- Vegard er ein spennande spelar som med god teknikk og stor duellstyrke. Han har vist god framgang, orienterer seg bra før han får ballen, behandler den raskt og er flink til å avslutta, seier trenaren.

Laurdag speler Os bortekamp mot Manglerud Star. Vegard speler frå start som spiss.

- Resten av laget blir ganske likt som sist. Anders Glesnes sonar karantene, så Mats Lepsøe blir høgreback frå start. Torkel Hjertnes skadde seg på trening torsdag, viss ikkje han kjem seg må vi finna ein erstattar der òg.

Heilside i BA
Då Os spelte bortekamp mot Vålerenga 2 for nokre veker sidan fanga Vegard Martin Andresen si interesse. Andresen fekk det vanskeleg då Moberg kom på banen, og spurte Hellevik om den talentfulle ungdomen etter kampen.

I dagens utgåve av Bergensavisen er det ei heilside om Vegard Leikvoll Moberg.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.