Best med 10 mann
Søre Neset - Erdal: 1-1 (0-1)
Søre Neset ligg på 5. plass på tabellen, og håpar framleis på å bli blant dei to beste i avdelinga, slik at dei kvalifiserer seg til opprykk til 4. divisjon neste år.
- Vi snudde kampen og hadde fleire store sjansar i slutten av 2. omgang, men klarte dessverre ikkje å ta full pott. Men det eine poenget, og det at Erdal ikkje fekk tre poeng, gjer at vi framleis har heng på 2. plassen. No blir kvar kamp utover som ein finale for oss, seier trenar Bjarte Arentzen.
Keeper blei utvist
Heimelaget starta ifølgje trenaren kampen dårleg. Erdal, som toppa tabellen før poengdelinga i helga, putta etter corner, der ein spelar fekk stå umarkert 25 meter frå mål, og klinka inn ein ball like under tverrliggar.
- I 2. omgang starta vi betre, men det blei mykje kjemping på midtbanen. Men så kom Erdal gjennom åleine med keeper, med Ørjan Bakke i hælane. Morten Haugland storma ut, men rakk ikkje ballen, så då blei han utvist, fortel Bjarte.
Kenneth Hufthammer stilte seg i mål, og med ti mann på banen og ausande regnvêr vakna sørenesingane.
- Det blei total forvandling, vi overtok kampen og hadde fleire sjansar. Emilis skåra i 75. minutt, men dette blei einaste mål i 2. omgang.
Fredag har Søre Neset ny heimekamp, mot laget som overtok 1. plassen på tabellen etter Erdal, Solid.
SJÅ TABELL
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.