Sport | 26. jan. 2015

Best og verst i Fjordane

Vilde Brattabø blei toppskårar mot Stryn, Vibeke Ingebrigtsen blei banens beste mot Førde. I begge kampane viste Os seg frå begge endar av skalaen.

Best og verst i Fjordane
Vilde Brattabø, her i heimekampen mot Stryn, blei toppskårar i bortekampen med 8 mål. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. jan. 2015 09:31

I helga har handballdamene til Os vore i Nordfjord og spelt mot Stryn og i Sunnfjord og spelt mot Førde.

Trenar Gitte Torp er ikkje nøgd med nokre av resultata, men tar med seg fleire positive ting heim før toppkamp mot Fyllingen laurdag.

– Mot Stryn hamna vi rett bak, brente sikkert 30 sjansar, og tapte. Vi såg tydeleg at keeperen til Stryn redda alle låge skot, men missa på dei høge, likevel var det nesten berre Vilde Brattabø som knekte denne koden.

Heime vann Os 27-20, laurdag tapte dei 23-21.

Vilde, som gjorde comeback i haust, blei toppskårar med 8 mål, fleire av dei frå 7-metersmerke.

Årsbeste mot Førde

Søndag var det som venta tøffare motstand, med Førde i motsett ende av banen.

Men Os opna bra og låg berre to mål bak få sekund før pause. Etter førsteomgang sto det 16-13 på tavla.

– Vibeke stengte igjen buret og Førde blei frustrerte. Vi sto også solid i forsvar og stemninga var veldig god i pausen, fortel Gitte.

Stemninga endra seg raskt. Førde brukte fem minutt av andre omgang til å auka leiinga med yttarlegare sju mål.

Heime blei det 22-27-tap, i går tapte Os heile 40-20.

– Det var som om det var heilt andre lag som kom på banen. Førde skjerpa seg, mens vi slurva, spesielt med pasningane. Eg trur 6 av dei 7 første måla til Førde etter pause kom på overgangar, fortviler Gitte.

Vibeke, som samla sett sleppte inn 40 mål, blei likevel kåra til banens beste spelar.

– Mona Stigen og Tonje Hjertnes skåra fire mål kvar og fungerte saman med Vibeke bra. Elles vil eg seia at vi gjekk frå årsbeste i førsteomgang til nesten årsverste etter pause.

– Men klarer vi å spela som vi gjorde i førsteomgang når vi laurdag tar imot serieleiar (kl 16) i Oshallen, så treng vi ikkje frykta Fyllingen. Vi speler jamt med alle dei beste når vi er på topp, meiner Torp.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.