Lokal | 20. mars 2017

– Beste forhold på fleire år

I natt er det venta nye 30 cm med nysnø i Eikedalen, som no er inne i si siste veke med kveldskøyring for sesongen.

– Beste forhold på fleire år
Eikedalen laurdag, med 30 cm puddersnø utanfor løypene. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. mars 2017 09:13

Bildeserie:

Med heile anlegget ope fekk gjestane tilgang på store område for frikøyring. (Foto: KVB)
Med heile anlegget ope fekk gjestane tilgang på store område for frikøyring. (Foto: KVB)
I natt skal det koma 30 cm til med snø. Her frå midten av februar. (Foto: KVB)
I natt skal det koma 30 cm til med snø. Her frå midten av februar. (Foto: KVB)
1 av 2
Med heile anlegget ope fekk gjestane tilgang på store område for frikøyring. (Foto: KVB)
I natt skal det koma 30 cm til med snø. Her frå midten av februar. (Foto: KVB)

Med 30 cm nysnø torsdag og påfyll fredag var det duka for ei god helg i alpinanlegga nærmast Os og Bergen.

Laurdag var det vindstille og lettskya i Eikedalen, som hadde heile anlegget ope, men ikkje fullt så mykje besøk som du skulle tru.

– Vi har faktisk hatt to helger som har vore betre enn denne, utan at vi hadde stolheisen open. Det er nok mange som, etter ei regntung veke i låglandet, ikkje såg for seg at det skulle bli så fint i fjellet, seier Fredrik Tønjum frå Eikedalen Skisenter.

Laurdag fekk han fleire tilbakemeldingar frå gjestar som sa dei knapt hadde opplevd betre forhold.

– Vi har hatt fleire helger med mykje snø, men så mykje nysnø rett før helga, for så å få ein vindstille og solrik laurdag, når vi også har heile anlegget ope, er sjaldan vare.

Ventar påfyll i natt og sol frå onsdag

I dag snør det meir i Eikedalen, tung snø nede, tørr snø i toppen. Stolheisen er stengt grunna dårleg sikt i snøvêret.

– Påsken er redda med den snøen som kjem no. Det ser dessutan ut som om denne veka, som er den siste før vi stiller klokka og sluttar med kveldskøyring, kan bli fantastisk både på dagtid og kveld.

Det er nemleg venta rundt 30 cm snø i løpet av måndag kveld og natt til tysdag. Tysdag ettermiddag skal det letta, onsdag og torsdag skal det bli sol og berre 1-2 m/s vind.

Fredag og natt til laurdag er det venta meir snø, mens det er meldt sol til søndag.

– Dei som jobbar turnus, og skular som er om seg og tar skidagen på strak arm når forholda er på topp, kan få seg nokre fine dagar i fjellet denne veka og neste.

Sjå detaljert vêrmelding for Eikedalen på Pent.no (Yr og Storm side om side).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.