Næringsliv | 09. sep. 2014

Beste Kiwi på Vestlandet

Butikksjef Trine Bjørkhaug Dyke mottok i helga pris til Kiwi Moberg for beste av 58 butikkar på Vestlandet.

Beste Kiwi på Vestlandet
Trine B. Dyke saman med regionssjef Jan Olav Mjøs då ho i helga fekk prisen i Ålesund. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 09. sep. 2014 06:57

I helga var Kiwi sine 604 butikksjefar samla til «Kiwiade» i Ålesund. Under Kiwiaden blei dei beste butikkane i landet heidra og i region vest finn du den beste på Os.

– Vi fekk ein fantastisk start i 2010 og har sidan lagt høgt oppe. Men dette er første gang vi har gått heilt til topps, seier butikksjef Trine B. Dyke.

Jyryen seier dette om Kiwi Moberg:

Stappfull av varer, alltid solid varetrykk i frukt-,grønt- og ferskvareavdelingen og det jobbes aktivt for å unngå utsolgtsituasjoner. Den særdeles driftige butikksjefen er svært opptatt av mennesker, både kunder og medarbeidere. Resultatene uteblir ikke. Butikken har hatt en fantastisk utvikling fra starten av.

Året etter nyopninga kom ein ny konkurrent i Os, Coop Extra. I november i fjor opna Kiwi Gudriflaten som Kiwi nummer 3 i Os.

– Vi merka ikkje noko til nokre av desse nyetableringane, men har auka jamt frå start.

– Eg har inntrykk av at vi fungerer både som ein nærbutikk for dei som bur på Moberg, Kuhnle og Kuvågen, og som ein butikk å reisa til. Vi har spesielt mange faste kundar frå Søre Neset, men også frå for eksempel Os nord og Hegglandsdalen, kundar som kjører forbi fleire andre for å koma til oss.

– Eg har også vore heldig med kollegaene mine, dei er ein dyktig og engasjert gjeng, seier Trine, som blant anna har Idol-Fredrik i stallen sin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.