Sport | 23. sep. 2014

Beste sesong på fleire år

Både Os damelag, Os jenter 16 og Os jenter 14 toppar tabellane sine. – Det lover bra for framtida, men eg er spent på 2015-sesongen, seier Tore Nøss.

Beste sesong på fleire år
Os damelag i kamp i 2013. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. sep. 2014 20:39

Jente- og damefotballen i Os er i siget, ikkje berre med god rekruttering blant dei yngste i Os og krinsane, men også i dei eldste gruppene.

Os sitt jenter 16-lag vann 1. divisjon til sommaren og leiar øvste nivå med 3 sigrar og 1 uavgjort etter dei 4 første rundane i haust. Bak kjem tjue 14-åringar som var nær opprykk til sommaren og som starta hausten med siger i 4 av dei 4 første haustkampane i 2. divisjon.

Frå 13 år og ned er det også store kull og på toppen ligg damelaget som, trass i tap av fleire spelarar i vinter har hatt sin beste sportslege sesong på fleire år.

Nytt opprykkssystem

Os sitt damelag vann 5 av 8 kampar i 4. divisjon før sommaren.

– Dessverre er det omlegging av opprykkssystemet. Tidlegare var det nok å ligga på øvre halvdel, for så å gjera det godt om hausten for å kjempa om opprykk.

– I år er det topp 2 i kvar avdeling som hamnar i ei opprykksavdeling til hausten, og der kom vi dessverre ikkje med, seier lagleiar Tore Nøss.

Toppar haust-tabellen

I haust har det gått endå betre.

Os har vunne tre av tre kampar, søndag slo dei Smørås 8-0.

– Sidan vi ikkje kan kjempa om opprykk i haust speler vi for å gjera det godt i 4. divisjon, og for å bli verande i divisjon. Det er visst plan om å oppretta 5. divisjon neste år, men med god plassering i haust held vi oss i fjerde, seier Nøss.

Håper på påfyll i vinter

Damelaget mista fleire gode spelarar før årets sesong og har vore avhengige av å låna opp fleire 16- og 15-åringar til kvar kamp.

– Enkelte har lagt opp, andre har flytta eller vore skadd. Vi har nok berre vore 8-9 frå damelaget i år.

No håper Nøss at det kjem påfyll i forkant av 2015-sesongen.

– Med så mange spelarar frå 14 år og ned er det veldig positivt om vi klarer å halda kontinuitet i seniorlaget vårt.

– Vi vil ta ei oppteljing når sesongen er over, og håper både at spelarane vi har er med vidare, både på damesida og jenter 16, og at vi får nokre comeback og nokre nye frå andre klubbar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.