Lokal | 07. mars 2018

Beste ungdomsbedrift i Hordaland

Russehuset UB frå Os Gymnas med storeslem på Fylkesmessa for ungdomsbedrifter. Klare for NM i Oslo.

Beste ungdomsbedrift i Hordaland
Harry Moore, Lars Hadler-Olsen, Alexander Tøssebro og Vegard Skeie i Russehuset UB (privat foto)
Andris Hamreonsdag 07. mars 2018 19:32

Sjå berre her

  • 1. plass i kategorien Beste Ungdomsbedrift
  • 1. plass i kategorien Størst Verdiskapingspotensiale
  • 2. plass i Beste samarbeid med næringslivet
  • 3. plass i Beste Marknadsføring

og gullbillett til NM for Ungdomsbedrifter i Oslo 24. april.

– Eg skal love deg jublen sto i taket då vi blei ropt opp som beste ungdomsbedrift i Hordaland, fortel Vegard Skeie, produktansvarleg i Russehuset UB på veg med bussen heim frå ein betre middag i byen saman med dei andre gutane.

Bak Russehuset UB står Lars Hadler-Olsen, Alexander Tøssebro, Harrry Moore og Vegard Skeie. Alle elevar ved Os gymnas.

Vil fjerne kjøpepresset

Russehuset UB har teke mål av seg å utfordra giganten Russeservice.

– Det at vi har eit breitt nettverk, mange samarbeidsbedrifter og ein klar visjon og mål, blei vektlagt av juryen.

– Dei la òg vekt på at vi fokuserer på å fjerna kjøpepresset blant russen og gjera det enklare å vera russ ved å fjerne dyre mellomledd. Det at vi òg har «code of conduct» med leverandørane. Altså at dei driv etisk rett og ikkje med barnearbeid og andre ulovlege forhold var òg noko juryen hadde merka seg.

Har ikkje starta enno

Juryane, som besto av representantar frå næringslivet, hadde òg bete seg merke i marknadsføringa til gutane frå Os.

– Facebook er hovudkanalen vår. Det er der russen er aktive. Vi har førebels ikkje vore så veldig aktive, men viste at vi har ein klar plan og strategi når det smeller.

– Det er først til nesteårs russ at vi skal vera på marknaden. Dette året har vi brukt til å gjera marknadsundersøkingar, varetestar og å byggje eigenkapital gjennom sal på messer og tilsvarande.

Hadde håpa

Under fylkesmessa blei det konkurrert i 15 ulike kategoriar. På spørsmål om dei hadde venta å gå til topps, fortel Skeie at dei hadde håpt på premie.

– Vi hadde håpt å kjempe i toppen i nokre av kategoriane, men å gå til topps hadde vi ikkje turt å håpe på. Mange av dei vi konkurrerte med har faget entreprenørskap og bedriftsutvikling elleve timar i veka, vi har berre fire.

Juryane sine begrunnelser blei lese opp framfor 2-300 tilskodarar før vinnaren blei ropt opp.

– Når skjønte de at det var dykk dei snakka om?

– Han som las grunngjevinga brukte ganske lang tid på å forklare kvifor vi var vinnaren. Vi skjønte ganske tidleg at det var oss dei snakka om, for mykje av det vi snakka med jurymedlemmane om då dei intervjua oss blei nemnt, fortel Skeie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.