Lokal | 02. mai 2017

Bestiller lys i tunnelen

E39 Svegatjørn - Rådal: Lys i 28 800 meter tunnel, 416 kamera og 260 naudtelefonar er noko av bestillinga når elektrokontrakta no lysast ut.

Bestiller lys i tunnelen
Skogafjellstunnelen er den første tunnelen som vil få lys. Oppstart venta våren 2018 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 02. mai 2017 10:13

Statens vegvesen har no lyst ut den store elektrokontrakta på E39 Svegatjørn - Rådal. Kontrakta omfattar alt elektro-arbeid i heile prosjektet. Frist for å gje tilbod er satt til 21. august.

– Oppgåva omfattar elektro-arbeid i heile prosjektet, som frå før er delt i to hovudkontrakter for tunnel- og vegbygging.

– Det skal monterast tunnel-lys i alle vegtunnelane i prosjektet. Det skal bli 1 150 ledelys/rømingslys og tilsaman 15 tekniske bygg. Vidare skal det monterast tilsaman 575 skap, 260 naudtelefonar og 416 kamera som gjer at Vegtrafikksentralen i Bergen får høve til å følgje trafikken på den nye motorvegen mellom Bergen og Os, fortel kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i ei melding.

Start våren 2018

Skogafjellstunnelen frå Svegatjørn til Endelausmarka er den første tunnelen ein kan starta elektroarbeidet i.

– Her vil ein kunne starta våren 2018. Deretter følgjer dei andre delane av vegprosjektet etter kvart. I følgje planane vil elektro-entreprisen vera fullført i november 2021.

Den som får oppdraget vil før dette få tilgang til eit område for kontorbrakker i Endelausmarka.

Midtsiden si samleside for E39 Svegatjørn - Rådal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.