Kultur | 22. sep. 2014

Bestseljarane i Oseana

Konsert, julebord eller julestemning? Du skal vera ganske vittig for å selja fleire billettar enn det lokale koret Fonos.

Bestseljarane i Oseana
Sven Nordin og Nils Vogt (t.v.) er saman med Bård Tufte dei einaste som har selt betre enn Fonos (nede t.h.) denne hausten. Maria Mena i oktober har passert 200 selte. (Pressefoto. Bilde av Fonos, foto: Bjarte Haugland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 22. sep. 2014 09:48

Hausten er i gang i Oseana, men korleis er billettsalet i kulturhuset fram mot jul?

– I fjor blei humorgallaen ein suksess, i år har vi auka med to kveldar, men kanskje mot litt ulike aldersgrupper, seier Astrid Heggland.

Begge har slått an, Bård Tufte sitt show «Mann» er haustens vinnar så langt med 383 selte billettar til no.

Det er berre drygt 100 billettar igjen til showet laurdag 29. november.

Til showet helga etter, «Litt av et par» fredag 5. desember, har Sven Nordin og Nils Vogt selt 314 billettar.

Fonos sel betre enn Maria Mena

Det lokale koret Fonos hadde sin første konsert i Oseana sommaren 2013. Med knappe 200 førehandsselte billettar blei det litt sug i magen på dirigenten, men i døra blei det selt 200 til og 400 fekk med seg konserten.

Julekonserten 2013 blei det utselt og ekstranummer til veldedig formål, i sommar blei det ny, utselt konsert.

I dag, nesten tre månadar før julekonserten torsdag 11. desember, har Fonos selt heile 294 billettar.

Til samanlikning er det 214 som har sikra seg billett til Maria Mena trio sin konsert i Oseana fredag 10. oktober, den siste helga i haustferien. Helga før skal Bergen Stryk med Nathalie Nordnes på scenen. Dei har selt 61 billettar.

– Utruleg inspirerande

Fonos-dirigent Stine Kobbeltvedt seier koret er audmjuke, men litt ekstra gira, når dei ser på det gode salet.

– Vi prøver alltid å seia til oss sjølv at det er ikkje sikkert at vi får oppleva å synga for fullsett Oseana fleire gongar.

– Men så godt sal så lenge før konsert har vi ikkje hatt før. Programmet er klart og vi har så vidt kome i gang med øvingane, og eg ser at det blir lettare og lettare å øva, kormedlemmane får litt ekstra sjølvtillit når vi har så godt publikum.

Populært foredrag

Av andre konsertar før jul er Anita Skorgan sin konsert tysdag 16/11, som nyleg blei lagt ut for sal, kome opp i litt over 70 selte.

Brødrene Bremnes fredag 21. november har selt cirka 100 og Jonas Fjeld med band laurdag 8. november har selt rundt 120 billettar.

– I haust har vi for første gong sett opp eit foredrag som er ope for alle, og det er kjekt å sjå at det blir så godt mottatt.

Det er allereie nærmare 200 som vil ha med seg Egil Søby sin time om humørets betydning tysdag 11. november.

Neste arrangement i Oseana er teikneshowet Øisteins Blyant førstkomande laurdag. Det kjente TV-ansiktet har til no selt over 200 billettar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.