Kultur | 07. feb. 2018

Bestseljaren som ikkje fekk spela

– Vi har aldri angra på avgjerda, men er stolte over at Alan Walker kjem tilbake i år.

Bestseljaren som ikkje fekk spela
Alan Walker. (Foto: Stian Andersen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. feb. 2018 19:01

Då uveret sette ein stoppar for Alan Walker sin konsert på tampen av Tysnesfest i fjor, lova bergensaren at han skulle koma tilbake i 2018.

– No kan vi stadfesta at avtalen med Walker for årets festival er i boks, seier dagleg leiar Øystein Vaage.

– Ingen har hausta same respons som då vi sleppte denne artisten til festivalen i fjor, vi er både glade og stolte over at alt klaffa, at han kjem tilbaka i år.

Alan Walker speler laurdag 14. juli under Tysnesfest 2018.

Artikkelen held fram under helsinga frå Walker:

Mange var skuffa - ingen viste sinne

Det var meldt 10-11 m/s vind kvelden Alan Walker skulle spela i fjor.

– Vinden blei kraftigare og vi fekk høyra at ferjene målte 27 m/s på fjorden. Vi hadde ikkje anna val enn å avlysa.

Då festivalsjef Sigvard Madsen skulle halda foredrag om avlysinga på bransjetreffet «100 dagar» på Stord, leitte han og festivalleiinga etter dei verste kommentarane og tilbakemeldingane på avlysinga.

– Vi hugsar at det var enkelte som uttrykte frustrasjon, men fann ingen stygge meldingar. Enkelte spurde kvifor vi ikkje berre snudde scenen og utsette ein halvtime, eller kvifor vi ikkje flytta Walker til tidlegare på kvelden. Begge delar var teknisk umogleg.

– Vi er glade for at så mange publikummarar, som hadde gledd seg så mykje, ikkje var ufine, men viste forståing.

– Noko av det verste ein festival- og konsertarrangør kan oppleva er å måtta avlysa ein konsert med påfølgande evakuering av arenaen. I ettertid får vi stadfesta gong på gong at avgjerda var 100 prosent korrekt. Frivillige, ulike etatar, artistar og publikum har støtta oss i dette og takka for at vi prioriterer tryggleiken til alle involverte.

Deler scene med Eminem i april

Alan Walker var første norske artist som fekk over ein halv milliard spelingar av sin eigen låt på Spotify.

20-åringen frå Fana har gjort ei lynkarriere. Han er fødd i England, men har budd i Fana utanfor Bergen mesteparten av livet sitt. I desember 2015 blei han verdskjent med singelen «Faded», som i skrivande stund er strømma nesten 1,5 milliard gongar på Youtube, og meir enn 700 millionar gongar på Spotify.

I tillegg til signaturlåta «Faded» er Alan Walker mellom anna kjent for store hits som «Alone», «Sing me to sleep», «Spectre» og «All falls down».

Walker har turnert heftig det siste året, og i april er han booka inn på ei av verdas største og viktigaste musikkfestivalar, Coachella i USA. Der skal Walker stå på same scene som mellom anna Beyonce, The Weeknd og Eminem!

– Slikt vêr som vi opplevde laurdagskvelden under Tysnesfest 2017 er heldigvis veldig sjeldan midt på sommaren, og i 2018 ligg alt til rette for at vi kan få ei magisk oppleving når Alan Walker går på scenen laurdag 14. juli 2018!

Desse artistane er til no booka til Tysnesfest 2018:
Alan Walker, Susanne Sundfør, Miss Tati, Adam Douglas, Gåte, Bigbang, Kari Bremnes, Amanda Delara, Dagny, Gardsbruk, The Vossa Rebels.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.