Næringsliv | 30. juli 2014

– Betre enn venta

Ein skulle tru at innbyggarane heldt seg utandørs i det fine vêret som har vore, men på Amfi Os har dei hatt rekordomsetnad juli månad.

– Betre enn venta
Jørgen og Sport 1 har vore blant dei butikkane på Amfi Os som har hatt størst auke i omsetnaden for juli (Foto: KMAL).
Kari M. Lyssandonsdag 30. juli 2014 11:00

Bildeserie:

Hos Julie på Ringo venter dei inn fleire sommarvarer, for no er det tomt i hyllene (Foto: KMAL)
Hos Julie på Ringo venter dei inn fleire sommarvarer, for no er det tomt i hyllene (Foto: KMAL)
Det er ikkje mange bikiniar igjen å velja mellom hos Emilie på Cubus. (Foto: KMAL)
Det er ikkje mange bikiniar igjen å velja mellom hos Emilie på Cubus. (Foto: KMAL)
Daniel har det travelt når han er med pappa på jobb på MX Sport (Foto: KMAL)
Daniel har det travelt når han er med pappa på jobb på MX Sport (Foto: KMAL)
Det har vore ein travlare sommar enn ho hadde trudd for Anita på VITA (Foto: KMAL).
Det har vore ein travlare sommar enn ho hadde trudd for Anita på VITA (Foto: KMAL).
1 av 4

– Eg kom tilbake frå ferie på måndag og var veldig spent på korleis denne varmen hadde påverka salet på senteret, seier senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Sjølv har ho «lege pal» på stranda i ferien og ikkje vore innom éin butikk, no lurte Tøsdal på om resten av osingane hadde gjort det same.

– Eg blei positivt overraska då det viser seg at vi har hatt jamn stigning i omsetnaden frå veke til veke, cirka 5 prosent i snitt.

Ikkje overraskande har det vore roleg hos Brun og Blid, medan blant anna Sport 1, Foss Ur og Smykker og B-Young har hatt ein god sommar.

Ingen nye leigetakarar endå

Dei tomme lokala på senteret har framleis ikkje fått nye leigetakarar, men Tøsdal stresser ikkje med det nå i fellesferien.

Vic og Casa Design sine tidlegare lokale er førebels utan ny drift.

- Vi har vore i kontakt med nokre bedrifter, men ingenting er bestemt og no ventar vi til ferien er over før vi går vidare.

Tomt for sommarvarer

- Her er vi tomme for dei fleste sommarvarer, fortel Julie på leketøysbutikken Ringo.

Dei har hatt mange kundar innom for å leita etter basseng, bademadrasser, håvar og dykkarmasker, men Julie fortel at det har vore vanskeleg å få tak i då mange av leverandørane deira er tomme på lager.

- Vi hadde ein siste leverandør som hadde litt varer igjen som vi fekk bestilt, og dei kjem inn i butikken om ikkje lenge.

Hadde ikkje venta kundar

Sommarvarer har det òg gått mykje av hos dei to sportsbutikkane Sport 1 og MX Sport.

- Vi har selt mykje fritidutstyr og sommarklede, og så har det vore ein skikkelg skosommar så det har det gått mykje av, fortel Jørgen på Sport 1.

- Badetøy og fiskeutstyr kunne vi ha selt mykje meir av, men vi har gått tom for varer, fortel Hallgeir frå MX Sport.

Både Jørgen og Hallgeir er overraska over kor mykje folk som har vore innom med den hetebølga som har vore.

- Vi hadde ikkje venta at nokon tok turen innandørs med temperaturar opp i 34 gradar ute, men det har faktisk vore ein del kundar.

Mange treng solkrem

Hos Apotek 1 har det vore roleg i sommar.

– Vi har sjølvsagt selt mykje solkrem og andre typiske sommarvarer, men dei 3 siste vekene har vore roleg med tanke på reseptar og liknande, fortel Maria.

– Mange hentar ut medisinane sine før dei reiser på ferie.

Dei tilsette på Cubus har òg fått merka det gode vêret, Emilie fortel om rolige dagar, men at bikiniar og sommarklede har det gått mykje av.

– Det byrja å ta seg opp igjen på fredag og no merker vi at det kjem fleire og fleire kundar, fortel ho.

Anita er dagleg leiar for butikken VITA, som opna dørene 19. juni og hadde fått beskjed frå VITA-kjeden på førehand om at det kom til å bli rolege veker i juli.

– Men her har det vore jamnt med kundar og vi har selt ekstremt mykje solkrem og andre hudprodukt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.