Lokal | 20. apr. 2016

Betre ettervern for tidligare rusmisbrukarar

Os Ap foreslår i samband med overskotsdisponeringa å styrke ettervernet med to nye treningsleilegheiter, skriv Gisle Hesjedal i dette lesarinnlegget.

Betre ettervern for tidligare rusmisbrukarar
Sandra Austgulen og Gisle Hesjedal sit i kommunestyret og tenesteutvalet for arbeiderpartiet (foto: Andris Hamre)
Lesarinnleggonsdag 20. apr. 2016 06:21

Ettervernet for menneske på veg ut av rusmisbruk er alt for dårleg i Os, og det har vore alt for dårleg alt for lenge. Årsaka er at Framstegspartiet og Høgre, som sit med fleirtalet i kommunestyret, og dermed styrer pengesekken, ikkje har villa prioritera dette området høgt nok. Dei fleste av oss kjenner nokon som har hamna inn i rushelvete. Det kan vera ein gamal klassekamerat, ei i nabolaget, ein son eller ei dotter, eller jamvel ein far eller ei mor. Nokre av dei er dessverre ikkje blant oss lengre. Andre strevar med å få livet sitt på rett kjøl att

På Vartun har kommunen 16 bueiningar for vaksne som er i aktiv rus. Vartun er døgnbemanna og såleis eit godt butilbod for aktive rusmisbrukarar når alternative ofte ville vore hospits i Bergen. Utfordringa kjem når ein person har gjennomført eit avrusingsopphald og skal flytta heim att til Os. I vinter stilte eg nokre spørsmål i Tenesteutvalet om busituasjonen for desse, og fekk dessverre bekrefta det eg frykta. I mangel av andre eigna butilbod må ei del av desse flytta inn att på Vartun, altså saman med personar som rusar seg. Personar i Os som ynskjer hjelp til å verta rusfrie vert sendt i behandling til ulike stader som blant anna Floen kollektivet (Manger), Tyrili kollektivet (behandlingsstadar på Østlandet og Trondheim), Tronvik (Helse Førde) og Sigma Nord (Harstad). Eit behandlingsopplegg kan vara frå nokre månader til eit heilt år, og prislappen kan vera opp mot 3 millionar kroner per pasient (Samdata, 2014-tall). Dette er likevel ein billig penge dersom ein lukkast med å gjera ein person rusfri. Alternativet er mykje dyrare.

Å ta i mot nyleg rusfrie er inga lett oppgåve for kommunen. Mange av dei har psykiske vanskar, og mange manglar det vi kallar buevne. Nokre treng å læra på nytt slike ting som å vaska hus, tøma boss, laga mat, ta inn post og seia hei til naboen. Det gjer at dei ikkje utan vidare kan flytta inn i ei kommunal leilegheit, sjølv om det skulle vera ledige slike.

Så etter eit langt behandlingsopplegg kjem den gamle klassevenninna di heim att til Os. For fyrste gong på mange år har ho klart å halda seg rusfri i fleire månader. Full av pågangsmot og optimisme skal ho no få livet sitt på rett kjøl att. Kanskje drøymer ho om å fullføra skulegongen som ho aldri fekk fullført den gong ho eigentleg skulle gjort det. Kanskje drøymer ho om å få seg jobb og tena sine eigne pengar. Eller kanskje drøymer ho aller mest om å få sjå att ungane sine, og ungane gler seg over at mor er i ferd med å verta frisk. Der står ho med trillekofferten med alt ho eiger og har. Kva tilbod har vi til ho i Os, ho som manglar buevne? Vartun.

Då vi fekk orientering om saka i tenesteutvalet vart det opplyst at ingen av dei som har flytta inn på Vartun etter avrusing har klart å halda seg rusfrie over tid. Det er ingen grunn til å verta overraska over det. Korleis i all verden skal ho som nyleg er vorten rusfri klara å halda seg rusfri dersom ”alle” naboane hennar ynskjer å selja henne dop? Svaret gjev seg sjølv. Likevel gjer vi dette. Etter mi meining er dette ei hån mot menneskeverdet og total mangel på respekt for dei det gjeld, for borna deira og for familiane deira. Då tenesteutvalet i vinter var på synfaring og fekk orientering om Vartun svarte kommunalsjef Nils-Petter Borge at det knapt finst ettervern i Os. Årsaka er pengemangel. (osogfusa.no, 23.01.16)

Det er mange faktorar som avgjer om ein lukkast i ein ettervernsfase. Eit godt butilbod er ein vesentleg del av dette. Fleire treng ein periode med tett oppfølging i ei treningsleilegheit før dei kan flytta inn i ein ordinær bustad. I Os har vi berre ei slik treningsleilegheit. Eg stilte spørsmål om det er grunn til å tru at fleire hadde klart å halda seg rusfrie om dei hadde fått tilbod om ettervernsbustad i eit rusfritt miljø. Svaret frå administrasjonen var eit absolutt ja! Vidare svara administrasjonen at tenesta kunna ha følgd opp 2-3 leilegheiter med dei ressursane dei har i dag.

Os Arbeidarparti tek svaret frå administrasjonen på alvor. I kommunestyremøtet i juni skal det røysast over korleis kommunen sitt overskot på ca. 50 millionar kroner i fjor skal disponerast. Vi kjem då til å foreslå at det vert sett av nok midlar til å kjøpa eller bygga treningsleilegheit nr. 2 og 3.

Sjølv om eg helst skulle sett at det skjedde i går forstår eg at det kjem til å ta tid å rusta opp ettervernsarbeidet i Os til eit akseptabelt nivå. Eg er og smerteleg klar over at det er Framstegspartiet og Høgre som styrer pengesekken minst fram til 2019. Eg vonar likevel at dei ynskjer å vera med på denne snuoperasjonen no, slik at dei det gjeld slepp å venta til etter neste val. For Os Arbeidarparti er det eit mål å få ettervernet opp på eit slikt nivå at alle som er i ein rehabiliteringsfase, og som ynskjer det, skal få tilbod om bustad med tett oppfølging i eit rusfritt miljø.

Gisle Hesjedal
medlem kommunestyret og tenesteutvalet
nestleiar i Os Arbeidarparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.