Lokal | 27. juni 2013

Betre for gjestar i Os hamn

I førre veke kom nye livbøyar på plass - no er nye skilt, kart, straumpunkt og internett på veg til Os gjestehamn.

Betre for gjestar i Os hamn
Gitle Smaadal frå Os brannvesen er den nye hamnesjefen i Os (same kva svanefar seier). (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. juni 2013 10:48

I vår blei det bestemt at Os brannvesen får ansvaret med å administrera gjestehamnene i Os.

Samtidig tok Os kommune tak med diverse opprusting.

Les òg: Fresher opp hamna

– Tryggleik har høg prioritet. I førre veke blei det hengt opp nye livbøyar rundt heile hamna, seier Gitle Smaadal frå Os brannvesen.

Nye infoskilt fredag

Saman med Os kommune og Studio Loops har brannvesenet fått forma eit nytt skilt med kart som skal trykkast opp i fleire eksemplar.

– Kartet viser blant anna kva som er gjesteplassar, kvar det er straumuttak og kvar det er vatn, seier Smaadal.

Skiltet med kart blir hengt opp i morgon.

Straum og internett

Nytt straumpunkt har også kome opp, på veggen på pumpestasjonen ved vaskehallen til Esso-stasjonen.

– Det er ein del straumpunkt frå før, men ikkje alle er kommunale, og eitt og anna er ute av drift.

– Internett, som skal vera passordbeskytta, men gratis, er også bestilt. Det er litt usikkert om dette blir klart no til helga, men det er i alle fall rett rundt hjørnet.

Gratis gjennom 2013

Parallelt med fysisk oppgradering ser Os brannvesen på ulike betalingsløysingar.

– Dette kjem først på plass til 2014-sesongen og fram til den tid kjem vi ikkje til å krevja betaling, verken for straum eller for å ligga til kai.

– Det skal uansett også i framtida vera gratis å ligga til kai på dagtid, for handleturar og besøk i Os. Men dei som kjem for å overnatta med båt i Os sentrum får, som i andre gode hamner, ei lita avgift å betala.

Blant løysingane dei ser på er automatar der båtfolket kjøper eit plastkort, som seinare kan ladast opp med meir pengar, og bruker dette til å betala både overnatting og straum.

Servicebygg og nye brygger

Smaadal, som sjølv er ein ivrig båtmann, gler seg over at Os kommune no har auka prioriteringa av å ta imot gjestar som kjem sjøvegen.

– Det er litt synd at vi denne sommaren ikkje har servicebygget, med vaskemaskiner og dusj i drift. Der skal det vera ein ny gjennomgang av leigeavtale og drift, så vi får tilbodet på plass igjen til neste sesong.

– Elles er det ein del nye brygge-meter i Os hamn no, og nye 20 plassar kjem i flytebrygge mellom Os Sjøfront og Oseana om ikkje så lenge.

Smaadal håper det også kan bli liv i sommarvertsskapen som Os kommune og Os Sentrumsforening hadde for nokre år sidan, med levering av rundstykke og aviser om bord til gjestane om morgonen.

Næringstrafikk med forkjørsrett

– Eg håper at gjestane tar omsyn til rutebåtar, og til dei som driv næringstrafikk på den nye industrikaien.

– Inst i den nye hamna ved Os kai er ein fin plass, men gjestar som ligg her må vika om det kjem nyttetrafikk som skal bruka kaien, og nyttetrafikken kjem gjerne tidleg og morgonen, så det kan vera litt brysamt å vakna av at ein ligg i vegen.

Os kommune skal også laga ei ny heimeside for Os hamn. Denne skal blant anna innehalda ein kalender som viser kor tid Os kai er opptatt med næringstrafikk, og der verksemder kan bestilla tid til lasting og lossing.

– Det er ikkje så ofte at det er dobbeltbookingar og lastebåtar som ligg i kø, men det er greit å veta at det er plass til deg om du kjem med tung last til Os hamn, seier Gitle Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.