Lokal | 04. juni 2014

Betre miljø og tryggare vegar

Lesarinnlegg: Regjeringa, med Høgre i spissen, legg opp til Noregs-historias største eksossatsing.

Betre miljø og tryggare vegar
Halhjemsvegen. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. juni 2014 12:34

Erna Solberg vigde mykje av landsmøtetalen si til klimasaka, og det er SV sjølvsagt glad for! Problemet er berre at regjeringa, med Høgre i spissen, legg opp til Noregs-historias største eksossatsing. Med utbyggjing av ein ferjefri stamveg (ny E39) vil vi få ein utsleppsvekst som undergrev alle klimatiltak, og gjer det endå vanskelegare å setje Noreg på riktig klimakurs. Klimagass-utsleppa i transportsektoren har vakse med nesten 20 prosent dei siste ti åra, og difor hastar det med å dreie satsinga vekk frå veg, og over til jernbane og kollektiv. I tillegg ønskjer SV å ivareta trafikktryggleiken, og vi vil difor rassikre og utbetre dei vegane vi allereie har framfor å nytte over 100 milliardar på ny E39.

I Hordaland er ferjefri E39 planlagd med bru over Bjørnefjorden til ein kostnad på vel 20 mrd. Brua vil øydeleggje store natur -og landskapsverdiar, og føre til mykje meir bilbruk, noko som vil gje dramatisk høgare klimautslepp. Prognosane tilseier ein auke i vegtrafikken på over 12000 bilar i døgeret inn mot Bergen sør, kor ein allereie har store problem med lokal luftforureining. Det vil også vere store utslepp knytte til sjølve anleggsfasen. Paradoksalt nok har ein ikkje teke seg bryet med å lage eit seriøst klimarekneskap for ny E39, slik ein til dømes har gjort når ein har utreda lyntog!

I Hordaland vil SV heller nytte midlar på å korte ned Bergensbanen på strekninga mellom Arna og Voss. Saman med opprusting av E16 vil det spare både miljø og menneskeliv. Vi må også få miljøvenlege ferjer, som går oftare. I dag køyrer folk på farlege vegar med livet som innsats. Vi vil difor prioritere ei tiltrengd opprusting av trafikkfarlege vegar som i dag går mellom ferjene. Rassikring, fleire midtdelarar og gule striper er avgjerande viktig! Denne type tiltak hastar mykje meir enn ein ny overdimensjonert stamveg, som skal byggjast over eit 20-årsperspektiv.

SV meiner tida har runne ut for den gamle planen om ferjefri E39. På Verdas Miljødag 5.juni vil SV oppmoda Erna Solberg til å ta sin eigen landsmøtetale på alvor, ved å skrinleggje ny E39 til føremon for betre miljø og tryggare vegar!

Os SV
Ved leiar Vigdis Vestvik

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.