Sport | 08. apr. 2018

Beviste at dei høyrer heime i 2. divisjon

Os knuste Fana 2 i serieavsluttinga. Samtidig blei rivalen Bjørnar slått grundig av Fyllingen 2.

Beviste at dei høyrer heime i 2. divisjon
Etter å ha mottatt ståande applaus i sluttminutta kunne Os-damene sleppa jubelen laus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. apr. 2018 11:23

Bildeserie:

Gitte Torp (t.h.) rørt og glad etter sigeren og ny kontrakt i 2. div. (Foto: KVB)
Gitte Torp (t.h.) rørt og glad etter sigeren og ny kontrakt i 2. div. (Foto: KVB)
Nora Berge kom innpå i 12. minutt, skåra 6 før pause og blei toppskårar med 11 mål. (Foto: KVB)
Nora Berge kom innpå i 12. minutt, skåra 6 før pause og blei toppskårar med 11 mål. (Foto: KVB)
Dream team. (Foto: KVB)
Dream team. (Foto: KVB)
1 av 3
Gitte Torp (t.h.) rørt og glad etter sigeren og ny kontrakt i 2. div. (Foto: KVB)
Nora Berge kom innpå i 12. minutt, skåra 6 før pause og blei toppskårar med 11 mål. (Foto: KVB)
Dream team. (Foto: KVB)

Damelaget til Os runda i dag av serien med eit fyrverkeri av ein handballkamp, på heimebane mot Fana 2.

Os måtte vinna for å halda seg i divisjonen, samtidig måtte rivalen Bjørnar tapa for Fyllingen 2.

– Dette er så utruleg deilig. Alle viste enorm innsats og alle presterte, det blei ein skikkeleg lagtriumf, seier assistenttrenar Gitte Torp, som har leia laget dei siste månadane.

Kampen starta litt tungt, Os hamna under 1-3, hadde tre stolpeskot før pause og måtte tola tre 7-meterar imot utan sjølv å få straffe i løpet av første omgang.

Os brukte 14 minutt og 30 sekund på å ta leiinga, til pause sto det 15-10.

Samtidig låg Bjørnar under 20-8 til pause.

– Det fekk aldri jentene veta. Vi måtte framleis vinna vår kamp, og fem mål er ikkje så mykje å leia med, seier Gitte.

Men Os heldt fram trykket etter pause. Halvvegs i andre omgang leia dei med ti mål, 24-14.

Ikkje før dei to siste minutta slapp dei seg litt nedpå, likevel fekk dei også det siste målet.

Os vann 32-20, Bjørnar tapte 43-20 og Os-damene held seg i 2. divisjon.

Før kamp var Torp litt uroa for korleis jentene skulle takla kamp så tidleg på dagen, og inviterte til felles frukost før opåpvarming.

Jentene avslører oppskrifta:

– Egg og bacon og heimebakt brød!

Midtsiden kjem tilbake med kampdetaljar og bildeserie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.