Kultur | 22. aug. 2014

Bil frå Os i «Børning»

Sundag kjem den nye norske roadmovien «Børning» på bygdekinoen. Ein av bilane kjem frå Os og stiller saman med AmCar-klubben opp på Oseana.

Bil frå Os i «Børning»
Denne Mercury Cougeren frå 1968 som Tor Kristian Flaterås eig er med i «Børning» og kan sjåast på Oseana sundag (privat foto)
Andris Hamrefredag 22. aug. 2014 08:50

«Børning» med Anders Baasmo Christiansen, Sven Nordin, Otto Jespersen, Jenny Skavlan og Henrik Mestad i hovudrollane har blitt godt motteke etter premiera førre helg. Sundag kjem filmen på Bygdekinoen i Oseana.

– En av bilane, ein blå Mercury Couger 1968-modell, som er med i filmen kjem frå Os.

– Etter det eg har høyrd er den med i fleire av scenene, så det skal bli spennande å sjå den att, fortel Miriam Paulsen, styremedlem i Os AmCar-klubb.

Miljøet nøgd

Filmskaparane har jobba tett med motormiljøet i Noreg når dei skulle laga filmen, noko som gjer at entusiasmen er stor.

– Eg har ikkje sett filmen sjølv enno, men tilbakemeldingane frå miljøet er at det er ein knallfilm.

– Litt ekstra artig er det sjølvsagt at det er bilar vi i miljøet kjenner.

Stiller på Oseana

Då det blei klart at filmen skulle visast på haustpremiera på bygdekinoen tok medlemmar i AmCar-klubben initiativ til å stilla på Oseana.

– Vi kjem med tre bilar frå klokka 18, som folk både kan få sjå og høyra på før framsyninga.

– I tillegg til Cougeren kjem ein grå Pontiac GTO driftebil og ein mørk blå AC Cobra.

– Dersom det regnar på sundag bytar vi ut Cobra'en med ein mint-grønn Chevrolet Camaro 1981 modell, da Cobraen ikkje har tak, forklarar Miriam Paulsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.