Bil i grøfta på glatten i natt
Snøen kom seint i år. Det skapte litt trøbbel i trafikken.
Bildeserie:
Etter fleire kalde dagar, med sludd og hagl i lufta, byrja snøen å legga seg i låglandet i Os og Bergen søndag kveld.
Midtsiden tok ein tur over Fanafjellet, for å sjekka forholda, og på bysida av fjellet møtte vi to ryggande bilar før vi kom til ein som sto heilt fast midt i vegen.
Dette var litt før midnatt.
Nærmare Os, på Lyseklostervegen mellom Ole Bulls veg (Søvikåsen) og Ulven leir, låg ein bil i grøfta.
Bilen såg ut til å ha hatt retning frå Ulven mot Lysefjorden då den har kryssa motsett køyrefelt i ein sving og hamna i grøfta på «feil» side av vegen.
Ingen var skadd i uhellet.
I dag er siste frist til å få av piggdekka (første måndag etter 2. påskedag).
Samtidig er du forplikta til å vera skodd etter forholda, så du kan nok ha dei på nokre dagar til.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.