Halve innganspartiet på Europris blei knust av ein bil. (Lesarbilde)

Bil knuste inngangsparti

– Det var ein travel dag i butikken, eg er glad ingen blei skadd.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fredag i 12.30-tida blei innganspartiet på Europris på Amfisenteren knust av ein bil.

– Eg var ikkje i kassaområdet akkurat då det skjedde, men dei som såg på fortel at bilen kom i stor fart, fortel innehavar May-Britt Nymark Skåla.

Den gjekk rett i inngangspartiet. Eit bosspann spratt som ei gummikule ut på parkeringsplassen og inngangspartiet knuste.

– Vi har veldig travle dagar med mykje folk i butikken, det er flaks at ingen blei påkøyrd.

Det skal verken ha vore snakk om innbrotsforsøk eller hærverk, men eit trafikkuhell.

Trilla rett i butikken

– Det var visst ei kvinne i bil som byrja å trilla og mista kontrollen på bilen.

Bilen skal ha stått parkert nær inngangen, med fronten mot butikken, og braste brått rett i glasveggen.

– Politiet var på staden. Eg veit ikkje kva ho sjølv har forklart, eg er berre glad for at ingen blei skadd, seier May-Britt.

Knuste glas og øydelagt dør

Halve inngangspartiet er knust og dørsystemet er øydelagt.

– Vi har fått snekra til ei mellombels løysing og håper vi får bygd inngangspartiet opp igjen over helga.

Midtsiden lykkast ikkje i å få tak i politiet fredag ettermiddag for kommentar.