NAF kom til staden og fekk fjerna bilen som kolliderte med det løpske vedlasset. (Lesarbilde)

Kolliderte med møtande hengar fylt med ved

Person skadd i frontkollisjon på E39 ved Kuventræ.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Politi, brannvesen og ambulanse rykte tysdag ettermiddag ut til trafikkulykke på E39, mellom Svegatjørn og Ulvenvatnet.

Meldinga om ulykka kom cirka klokka 16.35. Ein bil hadde mista ein tilhengar fylt med ved. Hengaren kom over i motsett køyrebane og kolliderte med ein møtane personbil.

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå politiet. Politiet har heller ingen meldingar på twitter frå ulykka, men det har 110-sentralen.

Dei fortel at ein skadd person er frakta frå staden av helsevesenet.

Vegen er open igjen

– Vi rykte ut og hjelpte til med rydding på staden og dirigering av trafikk, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.

Trafikken blei sendt om Os sentrum mens bergingsarbeidet pågjekk.

– Vegen er no rydda og open, opplyser brannvesenet rundt klokka 17.25.