Lokal | 28. apr. 2016

Bil kolliderte med syklistar

To syklistar blei køyrd til sjukehus etter ei trafikkulykke på E39 Byvegen (oppdatert).

Bil kolliderte med syklistar
Politiet tok beslag i førarkortet til bilisten etter trafikkulykka i dag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. apr. 2016 21:24

Torsdag i 19-tida kom det melding om trafikkulykke mellom bil og syklistar på E39 Byvegen ved Ulvenskiftet.

Både ambulansar, brannvesen og politi rykte ut.

– Ingen er alvorleg skadd, men to syklistar er køyrd til Haukeland i ambulanse, melder politiet på Twitter.

Bilførar er meldt og politiet har tatt beslag i førarkortet til vedkomande. Midtsiden kjenner ikkje til kor dei skadde kjem frå, men fleire av syklistane i følgjet hadde Bergen CK-drakter på.

Det var manuell dirigering på E39 mens nødetatane var på staden.

Oppdatert: Samtykka ikkje i beslag

Politiet fortel fredag at ulykka skjedde i samband med ei forbikøyring.

– Det skal ha vore ei gruppe på 50 syklistar som trente i lag. Desse var noko spreidd langs Byvegen, og då bilisten køyrde forbi ei av puljene så kom han borti to av syklistane, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Slik han les ut frå rapporten skjedde ulykka på E39 ved Ulvenskiftet, ikkje i sjølve krysset.

Bilførar, ein mann i 60-åra frå Bergen, samtykka ikkje i førarkortbeslaget.

– To personar blei skadd og vi har oppretta sak, så får vi sjå kva etterforskinga og vitneavhøyr seier om det som skjedde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.