Lokal | 18. aug. 2016

Bil mot MC

Trafikkulykke i Lysefjorden. Ein bil og ein motorsykkel har kollidert.

Bil mot MC
Kollisjonen skjedde rett ovanfor kloakkrenseanlegget i Lysefjorden (lesarbilde)
Andris Hamretorsdag 18. aug. 2016 13:59

Omlag klokka 15.50 rykte naudetatane i Os ut på melding om ei trafikkulykke i Lyesfjorden.

– Os, Søvikvegen: Trafikkulykke. Bil mot motorsykkel. Naudetater på veg, melder 110-sentralen på twitter.

I følgje eit vitne har motorsykkelen kome nedover Sperrevikvegen frå Drange. Ulykka skal ha skjedd i den skarpe svingen rett ovanfor kloakkrenseanlegget i Lysefjorden. Alle dei involverte satt oppreist ved vegen då Midtsiden-lesaren passerte staden.

– 2 personer på motorsykkelen er teke hand om av helse. Os brannvesen hjelper til med opprydding på staden, opplyser 110-sentralen.

Vegen er no opna igjen.

Ei ulykke til

I det naudetatane var på veg til Lysefjorden skjedde samstundes eit trafikkuhell i Mobergsbakkane.

– Det var ei påkøyring bakfrå. Ein av mannskapa som var på veg til stasjonen for å rykke ut, meldte om hendinga. Der skal det ikkje ha vore personskade, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.