Lokal | 23. mai 2016

Bil utfor på Byvegen

Ein bil køyrde over autovernet på Byvegen og ut på jordet. Far og dotter kom uskadd frå ulykka.

Bil utfor på Byvegen
Bilen står ti meter ut på jordet rett nord for Tøsdalsskiftet (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremandag 23. mai 2016 09:51

Bildeserie:

Bilen har kryssa motsett køyrefelt og kome over autovernet (foto: KVB)
Bilen har kryssa motsett køyrefelt og kome over autovernet (foto: KVB)
Før den kryssa gang- og sykkelvegen og hamna ut på jordet (foto: KVB)
Før den kryssa gang- og sykkelvegen og hamna ut på jordet (foto: KVB)
Dei to i bilen kom uskadd frå det. Politiet snakka med vitner til hendinga (foto: KVB)
Dei to i bilen kom uskadd frå det. Politiet snakka med vitner til hendinga (foto: KVB)
Bilen hadde få skader og blir taua opp på vegen att av brannvesenet (foto: KVB)
Bilen hadde få skader og blir taua opp på vegen att av brannvesenet (foto: KVB)
1 av 4

Klokka 11.30 køyrde ein bil utfor Byvegen like ved Tøsdalsskiftet. Politiet melder at det berre skal vera snakk om materielle skader.

– 1130: Byvegen, Os, v/Uno-X stasjonen. Bil køyrd utfor vegen. Materielle skadar. ikkje meld om personskadar. Naudetatane på veg, meldte operasjonssentralen på Twitter.

Klatra over autovernet

Bilen kom køyrande frå byen mot Os, då den har kryssa motsett køyrebane og køyrd vidare opp på autovernet som skil køyrebanen og gang- og sykkelstien. Det var to personar i bilen, ein vaksen og eit barn, opplyser politiet.

– Den har landa på alle fire etter turen over autovernet og hamna ti meter ut på jordet. Alle naudetatene er her no.

Bilen, ein Volkswagen Passat, har fått ein liten skade i fronten, men ser køyrbar ut. Brannvesenet er på plass og dreg bilen opp att på asfalten igjen.

Nær ved å frontkollidera

– Eg veit ikkje kvifor eg mista kontrollen, seier førar, glad for at at gjekk bra med han og dottera.

Politiet på staden seier han har førarkort og at det ikkje er mistanke om rus.

Ei kvinne som køyrde retning Bergen var nær på å frontkollidera med mannen då han kryssa feil køyrfelt. Ho skildrar det som om bilen hoppa over autovernet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.