Lokal | 21. feb. 2017

Bil velta på Søfteland

Politiet vurderer førarkortbeslag etter at ein bilførar i tenåra hamna på sida i motsett køyrefelt på E39.

Bil velta på Søfteland
Ulyke skjedde på E39 i ein sving nær Joker på Søfteland. (Arkivfoto/ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. feb. 2017 08:12

Tysdag morgon klokka 06.12 fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 nær Joker på Søfteland.

– Ein bil hadde køyrd i autovernet og landa på sida i motsett køyrefelt, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Bilførar, ein tenåring, blei lettare skadd og er køyrd til legevakt for sjekk.

– Han har forklart at han sovna bak rattet. Det er oppretta sak, så får det bli opp til jurist om vi tar beslag i førarkortet.

Bilen hadde retning frå Bergen mot Os då uhellet skjedde. Bilførar, som ikkje er frå Os, var åleine i bilen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.