midtsiden

– Bilane held seg unna

Ingebjørn Aasheim ramsar opp fleire fordelar med å velja eitt hjul framfor to.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Fredag, juni 10, 2011 - 09:18

Fredag morgon møtte vi ein kar som kom susande på eitt hjul gjennom Industrivegen.

– Eg har levert bilen på verkstad, sa etthjulssyklisten Ingebjørn Aasheim, som om det var forklarande.

– Skal du langt?

– På jobb i Irisgården. Éinhjulingen er lett å ta med seg og raskare enn mange trur, eg kjem eg lett opp i 25 km/t.

Les òg:
Ka da går i (to menn på liggesykkel)

Opp Lonebakkane

Aasheim lærte seg å sykla på eitt hjul som 13-14-åring. I vaksen alder har han kasta seg over det igjen, og sykkelen blir ofte brukt som transportmiddel.

– Eg bur i Nordmarka og syklar tl og frå jobb av og til.

– Kva med Lonebakkane?

– Det går fint å sykla opp dei òg, seier Ingebjørn om den bratte, svingete vegen frå fossen og opp til avkjørsla til Nordmarka.

Fleire fordelar

Når du først har lært deg å sykla på eitt hjul er det fleire grunnar til at du kan velja eitthjulssykkelen til turen.

– Den er lett å ta med, beina går i eitt, også i nedoverbakkar, så det er ekstra god trim, i tillegg får du god balansetrening.

– Er det mange som vil prøva sykkelen?

– Nei. Denne er av typen med størst hjul, 36 tommar er ikkje for nybyrjarar, så eg låner den ikkje ut til kven som helst.

Ingebjørn er heller ikkje redd for å ramla ut i trafikken.

–Men bilane er litt redde meg, dei kjem ikkje så tett på som når du syklar på vanleg sykkel. Og ser eg at det kjem ein bil litt nær så vinglar eg litt med vilje. Då svinger dei fort unna, ler Aasheim.

Vil du veta meir om eitthjulssykkel?
Sjekk denne saka på Wikipedia.

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Relaterte saker: