Lokal | 10. des. 2017

Bilane låg strødd etter at snøen kom

Tett med trøbbel på nullføre laurdag kveld.

Bilane låg strødd etter at snøen kom
Bilar i grøfta på Kalandseid og i Oshaugen laurdag kveld. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. des. 2017 09:17

Bildeserie:

1 av 5

Etter at det laurdag ettermiddag byrja å snø, kom det ei rekkje meldingar om uhell og vanskelege køyreforhold.

Ein bil køyrde utfor på Grindevoll og ein lastebil sto fast opp bakken frå Halhjem ferjekai.

– Sidan morgonen i går har vi i hovudsak hatt oppgåver knytt til trafikk, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Han fortel om problem på Halhjem, eit mindre uhell på Søfteland og tre som velta over vegen på Drange.

Køyrde på sommardekk

I tillegg har det vore to uhell rett over bygrensa, nær krysset mellom E39 og Haugsdal.

Den eine av dei to som køyrde utfor ved Haugsdals-krysset, litt over klokka 20 i går, hamna opp på autovernet.

Kort tid etterpå hamna ein annan i grøfta. Ifølgje BT.no køyrde bilen på sommardekk, og det blei tatt beslag i førarkort.

Utfor i Oshaugen

I 23-tida fekk Midtsiden tips om stopp i trafikken i Sperrevik. Tipsar bur med utsikt mot vegen, og meldte kort tid seinare at det såg ut til å ha løyst seg.

Klokka 23.13 meldte politiet at ein bil har køyrd i ein murvegg på Søfteland, i23.20-tida fekk Midtsiden melding om utforkøyring i Oshaugen.

Ingen skal ha blitt skadd i utforkøyringane laurdag kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.