Lokal | 08. feb. 2018

Bilbrann i Rødsliane

Bilen var fullstendig overtent då brannvesenet kom fram.

Bilbrann i Rødsliane
Rødsliane. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. feb. 2018 21:08

Klokka 20.39 torsdag kveld kom det melding om brann i bil i Lønningdal.

– Bilen sto i Rødsliane (fv 137 mellom Rød og Lønningdal) og var overtent då vi kom fram, fortel Anne Kjersti Storebø frå Os brannvesen.

Bilen sto på ei lomme, men det var full stopp i begge retningar mens sløkkearbeidet pågjekk.

– Det var nokre straumleidningar i nærleiken, men det var heldigvis aldri fare for at bilbrannen skulle spreia seg til vegetasjon eller skada straumnettet.

Ingen skal ha blitt skadd i brannen. Midtsiden har ikkje lykkast i å nå politiet for kommentar, men dei har twitra om ulykka utan å nemna personskade.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.