Bilen, ein Nissan Almera, blei raskt sløkt. (Foto: Varde Film og Media)

Bilbrann på Hetleflåten

Ingen blei skadd då det byrja å brenna i ein bil i 5-tida tysdag morgon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, januar 17, 2012 - 07:05

Klokka 05.18 ykte brannvesenet i Os ut på melding om bilbrann på Hetleflåten.

– Det brann i bakre del av bilden, venstre bakhjul og delvis oppe i bagasjerommet, fortel Erik Walden frå Os brannvesen.

Føraren, ein vaksen mann, var åleine i bilen då brannen braut ut.

Han kom seg raskt ut og hadde ikkje teikn til skade.

Brannen blei sløkt raskt og det eine kjørefeltet blei opna i forkant av at ferjetrafikken frå Halhjem skulle passera.

Politi frå Fana kom også til staden.

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11

Vegen forbi opna før ferjetrafikken kom. (Foto: Varde Film og Media)

Vegen forbi opna før ferjetrafikken kom. (Foto: Varde Film og Media)