Lokal | 26. juli 2017

«Bilbrann» var skjult kamera

Familie frå Os blei «lurt» - fekk draumeweekend i gåve.

«Bilbrann» var skjult kamera
Situasjonen blei filma med fleire skjulte kamera. (Skjermskot frå video)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. juli 2017 07:33

Bildeserie:

Trond Sandven lurte Alexander Heggland. (Skjermskot frå video)
Trond Sandven lurte Alexander Heggland. (Skjermskot frå video)
... så fortalte han om gåva. (Skjermskot frå video)
... så fortalte han om gåva. (Skjermskot frå video)
1 av 2
Trond Sandven lurte Alexander Heggland. (Skjermskot frå video)
... så fortalte han om gåva. (Skjermskot frå video)

Han var på veg til nærbutikken Bunnpris Vedholmen, Alexander Heggland, då han møtte ein bil som såg ut til å stå i full fyr. Bilførar var rask med å be om hjelp, men røyken la seg og lukta slett ikkje slik motorproblem kan lukta.

– Først var eg skeptisk til å koma for nær, så undrast eg over at det lukta knallgass, seier Alexander Heggland.

Bilførar, som var forkledd med caps og solbriller, viste seg å vera bilforhandlar Trond Sandven frå Sandven AS. Han var rask med å visa ansiktet sitt, peika på to av fleire skjulte kamera - og avsløra at alt var ein spøk for, på ein spennande måte, å dela ut ei reise i gåve.

Alexander Heggland, Heidi Røttingen og deira fem born fekk tre netter på Pers Hotell og billettar til både Bjørneparken og Langedrag. Til turen får dei òg låna ein sporty Jaguar.

Nokre av borna var med i bilen.

– Ungane blei så glade at dei ville droppa Spania-turen for å reisa. Spesielt Mathias, han er så bilinteressert at han ville reisa med det same. No er vi likevel i Spania, den flotte turen til Pers Hotell har vi spart til hausten ein gong.

– Det viser kanskje ikkje på filmen, men eg blei skikkeleg rørt, seier Alexander.

Stor familie med tre muskelsjuke born

Heidi og Alexander fekk først tre gutar, der dei to yngste har ein muskelsjukdom som pregar kvardagen til familien.

Nokre månadar før paret si dotter blei fødd tok dei til seg ein fire år gamal gut med same sjukdom. Ungane er no 19, 15, 11, 10 og 6 år gamle.

«Det er jo ikke snilt å lure folk. Men noen ganger er det lov. Vi ville gjerne gi noe tilbake til en familie i Os som har en spesiell hverdag. Gi dem et erkjennende klapp på skulderen, og la dem vite at deres gode handlinger ikke går upåaktet hen selv om de ikke bryr seg om oppmerksomhet rundt det de gjør» skriv Sandven AS då dei før helga publiserte videoen frå då dei lurte Alexander.

• Videoen kan du sjå på Sandven si Facebookside.

Å ha fem born frå barneskulealder til vidaregåande kan vera travelt nok, med tre kronisk sjuke blir det dessutan turar til fysikalsk behandling, bassengtrening og til undersøking på Haukeland.

Bustaden i Øyane er tilpassa ungane og turen til Pers Hotell blir med to bilar, sportsbilen og den store familiebilen, som òg har plass til rullestolen som ein av sønene bruker.

– Verdifullt

Dette er 38. gong at Sandven deler ut tilsvarande gåve til enkeltpersonar eller familiar.

– Dette er ikkje noko vi gjer for å hamna i avisa, understreker Trond Sandven når Midtsiden tar kontakt for å høyra om bakgrunnen for stuntet og gåva.

Ved sidan av generell sponsing av idrett og kultur vil eigarane av Sandven AS, partnarane Trond Sandven og Trond Mohn, av og til dela ut ei gåve som gleder nokon som yter noko for andre, som har det vanskeleg sjølv eller som av ei eller anna årsak fortener eit avbrekk frå kvardagen.

– Eg har sjølv hatt periodar i livet der eg har hatt det tøft, og eg har opplevd hendingar som har vore vendepunkt for kva eg ser på som verdifullt i livet, seier Sandven.

Gåva er delt ut saman med Pers Hotell.

Han kontakta Kaj Alver, ein biljournalist han har hatt ein del med å gjera i mange år. Alver bur på Lepsøy og Sandven ba om tips til potensiell gåvemottakar.

– Vi får mange søknadar, alt frå folk som har fått restskatt til nokre som har historiar som eg blir djupt rørt over.

Viser overskot

Alver seier han lufta spørsmålet med naboen, Kjersti Ellingsen, som er kollega med mora til dei fem, Heidi Røttingen.

– Sandven har gjeve til personar som har vore heilt på felgen. Dette blei litt annleis, her har vi ressursterke folk, men samtidig ein familie som yter ekstra mykje omsorg, og som i tillegg tar til seg eit born med same sjukdom. Det blei ein gledeleg dag for alle, også for oss som var involvert i «bilbrannen», seier Kaj.

Kaj sin sambuar sin bil blei brukt i «brannen», mannen til Kjersti var med og filma.

Kjersti Ellingsen synest Heidi og Alexander er beundringsverdig.

– Dei er i ein situasjon som kanskje kunne tatt knekken på andre familiar, i staden viser dei overskot. Dei kunne nok fått store summar i støtte frå samfunnet, i staden gir dei tilbake, blant anna ved å vera fosterheim.

– Ved sidan av jobb og travle dagar heime er Heidi dessutan nesten ferdig med utdanninga si som bachelor barnehagelærar. Det seier også litt om kva dette paret er i stand til å yta, seier Kjersti.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.