Lokal | 21. sep. 2017

Bilførar og fotgjengarar mistenkt for narko

Ein kvinneleg bilist er mistenkt for køyring i rusa tilstand, to vaksne fotgjengarar blei tatt med «rusk» i lommene.

Bilførar og fotgjengarar mistenkt for narko
UP stoppa i går ei kvinne dei mistenker for køyring i rus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. sep. 2017 07:32

Onsdag i 21-tida blei ein bilist stoppa av UP. Test tatt på staden gav utslag på narkotika og bilførar, ei kvinne i 40-åra, blei tatt med til lege for blodprøve.

– Det er oppretta sak, men det er førebels ikkje tatt beslag i førarkortet. Det kan ha med korleis kvinna forklarte seg å gjera, sjølv om det gav utslag på UP sin drugtest kan ho vera uskyldig, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Med narkotika i lommene

Politiet stoppa onsdag to personar, ein mann i 40-åra og ei kvinne i 30-åra, som kom gåande langs E39.

Dei to blei sjekka og politiet fann mindre mengder stoff, som dei reknar med er narkotika, på begge to.

– Det blei tatt beslag i stoffet og det er oppretta sak.

Fann død hjort langs vegen

I 2-tida natt til torsdag fekk politiet melding om funn av død hjort langs E39 på Søfteland.

Politiet reknar med at hjorten er påkøyrd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.