Lokal | 03. sep. 2015

Bilførar tatt igjen

Politiet kjente igjen bilføraren og visste han ikkje hadde førarkort. Onsdag tok dei skilta på bilen hans.

Bilførar tatt igjen
Politiet traff onsdag ein bilist dei visste ikkje hadde gyldig førarkort (ill.foto: AH)
Andris Hamretorsdag 03. sep. 2015 07:16

I 16.30 tida møtte patrulja for Os lensmannskontor ein bil og ein bilførar dei dro kjensel på.

– Bilføraren, ein mann i 50-åra, er ein kar vi har vore i kontakt med tidlegare. Patrulja visste difor at han ikkje hadde gyldig førarkort og stoppa han, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

I eit forsøk på å stoppa den ulovlege køyringa skrudde betjentane av skilta på bilen.

– Det blir no opp til politijuristen om den beslutninga skal oppretthaldast og om det skal ileggast bruksforbod på bilen, avsluttar politioverbetjenten.

Det skal ikkje ha vore rus inne i bilete.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.