
Bilulykke og innbrot
- Laurdag kveld i 23-tida kom det inn ei melding om at ein kar hadde blitt slengt ut av ein bil, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
Når patrulja kom til staden viste det seg at det var ein krangel blant dei som satt i bilen som hadde utløyst hendinga. Det var ein gjeng heimehøyrande på sørlandet som hadde teke seg ein vestlandstur og som ikkje var heilt einige.
- Patrulja sjekka dei ut og lot dei kjøyra vidare, seier Sperrevik.
Anmeldt for drikking på offentleg stad
Seinare på natta stoppa politiet ein for drikking på offentleg stad. Hendinga skjedde i Os sentrum og vedkommande blei anmeldt fortel Sperrevik.
Fekk sleng
Sundag formiddag fikk ein bil med tre personar sleng på seg i Heltleflåtsvingen på Byvegen og hamna i rekkverket ved sidan av vegen. Dei tre fekk lettare skadar og blei kjøyrd til Haukeland for ein sjekk.
Innbrotsforsøk og skadeverk
Sundag mottok politiet melding om eit innbrotsforsøk i en bil som sto parkert på Drange. Det blei med forsøket.
Sundag kveld gjorde ein ungdom skadeverk på ein bil i Os sentrum.
- Han høyrde til på ein barnevernsinstitusjon på Os. Då han skulle hentast tilbake til denne slo han seg vrang og gjekk laus på bilen. Etterkvart roa han seg og blei med tilbake til institusjonen, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no