Lokal | 23. aug. 2011

Bjånes og trafikksikring

LESARINNLEGG, Gustav Bahus (Frp): Aldri før har Os kommune hatt ein grundigare plan til handsaming.

Bjånes og trafikksikring
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 23. aug. 2011 07:12

>> Sjå alle lesarinnlegg på Midtsiden.no her.

Bjåneshalvøya har i lang tid vore avsett til framtidig bustadbygging. Landbruksmynde, Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland har alle gått inn for prosjektet, og det har vore semje i alle parti i Os om at området best kan utviklast gjennom ein overordna kommunedelplan.

Alle konsekvensar ved ei eventuell utbygging er grundig utgreia, herunder miljø, biologisk mangfald, kulturminne, landskap og trafikksikring. Aldri før har Os kommune hatt ein grundigare plan til handsaming.

Os FrP vil allereie no avklara eit viktig tilhøve som vi opplever at mange er oppteken av: Fremskrittspartiet vil krevja full utbygging av ny gang- og sykkelvegtrase Hauge-Bjånes når utbygginga på Bjånes tek til.

Vi kan ikkje akseptera at denne trafikken kun skal gå gjennom eksisterande vegnett som Midtbøvegen. Likeeins vil vi krevja utviding av rundkøyringa på Osøyro til to felt slik at vi ikkje skaper unødige trafikkutfordringar i sentrum.

På sikt er det og aktuelt med ein ny fylkesvegforbindelse som krysser Oselvvasdraget nord for Osøyro, men dette bør sjåast i samanheng med endeleg traséval for ferjefri Kyststamveg E39. Ei slik løysing vil og redusera trafikkbelastinga i sentrum.

Kommunedelplanen for Bjåneshalvøya ligg no ute på høyring og inneheld mellom anna bustadareal til 1000-1200 einingar, noko næringsareal, golf-/parkområde og båthamner.

Endeleg omfang av utbygginga vil først bli avklart gjennom slutthandsaminga av kommunedelplanen i kommunestyret. Uansett er dette ein plan som vil bli realisert gradvis over ein lang tidsperiode, truleg 15-20 år.

Fordelen med ein så stor plan er at vi får tatt eit heilskapleg grep om heile området, og dermed sikra viktig infrastruktur som skule, barnehage, vegar, grønstruktur, vatn, kloakk og ikkje minst å sikra ålmenta tigjenge til noko av den flottaste naturen vi har i denne delen av bygda.

Os FrP ser fram til ein spanande prosess med utvikling av bustadar og attraktivt tilbod på Bjånes. Vi har heile tida sagt at vi ynskjer ein tilleggdimensjon med utbygginga i form av parkanlegg, golfbane, turstiar eller andre tilbod for fellesskapet. Utbygginga og planen vil sikra tilgjenge og mogelegheiter for bruk av store urørde naturområde for osingane utanom det som vert tilrettelagt gjennom utbygginga.

Uansett kjem vi ikkje til å vika på krava om trafikksikring knytt til Bjånesplanen!

Gustav Bahus (FrP)
Leiar Plan- og bygningsutvalet og leiar av styringsgruppa for Bjånesplanen
Os kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.