Sport | 31. mars 2014

Bjarte i ny klubb

Bjarte Haugsdal bestemte seg i dag for kven han vil spela for i 2014-sesongen.

Bjarte i ny klubb
Bjarte har i vinter vore i trening med Os. Men i år blir det 1. divisjon med Nest-Sotra. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mars 2014 13:27

Osing og tidlegare Os, Brann- og Stabæk-spelar Bjarte Haugsdal har i dag bestemt seg for å slå til på eit tilbod.

Men tilbodet han slår til på er ikkje frå Os TF, som har hatt Bjarte i trening delar av vinteren.

– Eg går til Nest-Sotra, fortel Bjarte til Midtsiden.no.

Signerer for eitt år

Haugsdal har budd heime i Os med sambuar og born medan han i vinter har vore i dialog med fleire klubbar.

No får han ei deltidsstilling i Nest-Sotra, som også inkluderer undervising på fotballfritidsordninga i klubben.

– Eg kjem nok også til å finna meg ein jobb ved sidan av. Og så må vi finna oss ein stad å bu. Der er det førebels ope, men det blir nok nærmare by'n, seier Bjarte, som har signert proffkontrakt på eitt år.

– Os var eit reelt alternativ og eg kjem til å følgja med på Os gjennom sesongen. Eg er takksam for at eg har fått vore med på trening med gamleklubben i vinter og har inntrykk av at dei får ein fin sesong.

– Blir viktig for oss

Alexander Straus, som var assistent under David Nielsen og overtok som hovudtrenar etter opprykket til 1. divisjon og Nielsen sin exit til Strømsgodset, er veldig nøgd med å få Haugsdal i stallen.

– Vi har bruk for spelarar som Bjarte, som både har erfaring frå 1. divisjon og Tippeligaen, og som er veldig fleksibel. Bjarte kan vi bruka i fleire posisjonar på banen, seier Straus til Midtsiden.

– I tillegg har vi fått veldig gode referansar på Haugsdal som person. Eg har inntrykk av at han er ein veldig fin type, ein vi kan ha nytte av på fleire måtar i klubben.

Frå før har Nest-Sotra blant anna styrka stallen med spelarar frå Start og på utlån frå Brann. Dei har også mista nokre spelarar, som Erik Kanestrøm, som gjekk tilbake til Os.

Haugsdal har truleg si første trening med Nest-Sotra i morgon. Seriestart er søndag borte mot Ranheim.

Sjå oppsett og tabell.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.