Lokal | 20. juni 2016

Bjørnafjorden kommune – skal, skal ikkje?

Lesarinnlegg: Onsdag 22. juni skal kommunestyret i Os ta eit stort val for framtida vår.

Bjørnafjorden kommune – skal, skal ikkje?
Leiar for Os Ap, Tone Hepsøe. (Foto: Os Ap)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. juni 2016 07:01

Representantane i kommunestyret skal balansere nasjonale interesser opp mot lokale, når me no er blitt bedene om å ta stilling til om Os fortsatt skal være eigen kommune eller om me skal danne ei ny kommune i lag med Fusa.

Administrasjonen har gjort eit godt stykke arbeid med å prøve og få oversikt over konsekvensane av ei kommunesamanslåing, men òg kva konsekvensar det blir om ein vél å stå aleine.

Styringsgruppa for kommunesamanslåinga har hatt ein god prosess lokalt, men den overordna prosessen frå regjeringa har definitivt hatt forbetringspotensiale. Lat oss håpa at hastverk ikkje vert lastverk, når resultata skal evaluerast ein gong i framtida.

Den siste kommunereforma var i 1964 og mykje har endra seg når det gjeld kommunikasjon og infrastruktur på dei vel 50 åra som har gått.

Oppgåvene som skal løysast av kommunane vert stadig meir pressa på økonomi og effektivitet, og ikkje minst er forventningane til innhald i tenestene stadig aukande. Om det er mest tenleg å ha store eller små kommunar, kan sikkert diskuterast. Men når kommunane får aukande utfordringar med å levere tilnærma like tenester til innbyggjarane, er dette eit varsko. Det er ein nasjonal verdi på mange plan at me kan ta heile landet i bruk og me må syte for at kommunane kan løyse oppgåvene uavhengig av geografi og demografi.

Hausten 2014 jobba me med programmet vårt for inneverande valperiode. Eit naturleg tema å meine noko om var om me skulle halde fram som eigen kommune eller om me skulle initiere å slå oss saman med andre. På dette tidspunktet var ikkje premissane for kommunereforma klare og det var ikkje lett å skulle tone flagg på noko ein ikkje hadde oversikt over.

For Arbeidarpartiet har det likevel heile tida vore viktig at samanslåingar skal være frivillige og ønska av kommunane sjølv.

Det var mellom anna vern av verdiane me har i Os kommune, som gjorde at me landa på det at me ville jobba for at Os skulle vere eigen kommune. Me ønska å ta vare på bygdeidentiteten til Os, og sjølv styre korleis me vil veksa og utvikla oss. Til liks med det dei fleste osingane meiner, ønska me ikkje å sjå Os som ein bydel i Bergen om nokre år.

Etter kvart som premissane for kommunesamanslåinga har vorte kjent, har me måtte vurdera om standpunktet me tok i 2014 framleis står seg. Det gjer det på sett og vis. Økonomisk vil me i Os kommune korkje tapa eller vinna stort på nokre av alternativa. Kulturelt og historisk har Os og Fusa mykje å byggja på, men gode føresetnader kan likevel utfordre det politiske engasjementet i dei to kommunane. Kommunesamanslåing vil utan tvil utfordra det lokale engasjementet og politikarane har i så fall eit stort ansvar for å syte for at lokaldemokratiet ikkje vert svekka.

Aller helst skulle me hatt alle premissane på bordet før me tek ei avgjerd. Kva nye statlege oppgåver kan me få, vil dei vere gulrøter store nok? Korleis vil arbeidet med å samle landet i regionar verke inn på kommunane sine framtidige oppgåver? Det vil framleis være store skilnader i storleik på kommunane, korleis vil ein løyse dette?

Kva vil det ha å seie for Os kommune, om me står aleine, i eit landskap der Stord blir eitt, Sotra blir sterk i vest, Nord-Hordaland søkjer saman og Hardanger finn nye konstellasjonar.

Vil det å stå aleine på sikt gjere at Os med eit pennestrøk «vert ein naturleg del» av Bergen? Eit endra kommunekart, med andre og sterke lokale regionar, saman med ønskje om å bevara dei verdiane me verdsetter i Os gjer at eg er positiv til samanslåing med Fusa. Saman kan me skapa ei ny og livskraftig kommune, med sams ønskje om utvikling, trivsel og gode liv i Bjørnefjorden. Fusa og Os i lag, kan vere den beste forsikringa for Os mot å risikera og verte Bergen sitt neste ekspansjonsområde.

Kommunesamanslåing er ei stor og kjenslefull sak, og det er fortsatt fleire spørsmål enn det finst svar. Når me no skal avgjere dette spørsmålet vil det bli basert på nokre kjente økonomiske fakta, saman med at ein prøver å sjå føre seg korleis framtida i Hordaland/Region Vest, kjem til å sjå ut.

Med desse perspektiva vil me i Os Arbeidarparti ikkje binde representantane våre i kommande kommunestyremøte, men er visse på at alle stemmer i høve si overtyding om kva som er det rette for kommunen sine innbyggjarar.

Tone Hepsøe
Leiar Os Arbeidarparti
Formannskap-/kommunestyrerepresentant

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.