Næringsliv | 05. des. 2016

Bjørnefjorden Gjestetun er selt

Eit firma frå Bergen overtar eigedomsmassen og vil saman med familien Bjørke søkja etter ny drivar.

Bjørnefjorden Gjestetun er selt
Bjørnefjorden Gjestetun er selt til Bybo AS. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. des. 2016 13:06

Sidan 1996 har familien Bjørke drive gjestgiveri med 35 overnattingsrom og fasilitetar for kurs, konferanse og selskap ved golfbanen på Hauge i Os.

– Dei siste seks åra har vi jobba med å få bygd ut gjestetunet med 50 nye rom, men har ikkje vore i stand til å få dette til grunna oljekrisa og stort fråfall av kundar, skreiv styreleiar og største aksjonær, Synnøve Bjørke, i eit brev til Os kommune i november.

• OPPDATERT: Dette seier kjøpar om eigedomen

Brevet er eit innspel til ny kommuneplan for Os, der familien Bjørke ber om at eigedomen, gnr. 63 bnr. 455, blir omregulert frå LNF til bustad.

Frå pluss til minus

Då Midtsiden kontakta Børke i dag fortel ho at dei tilsette blei informert om at familien ikkje driv gjestetunet vidare etter 1. mars 2017.

– Etter flere år med ulønnsam drift på Bjørnefjorden Gjestetun, og kor det har vore svært utfordrande å bli einig med fagforeininga om naudsynte kostnadskutt, har eigarane no erkjent at vi ikkje klarer å oppnå tilfredsstillande driftsresultat.

Omsetnaden gjekk frå 14,2 til 12,4 millionar frå 2012 til 2014, driftsresultatet gjekk frå 1,3 mill i pluss til 1,6 mill i minus i same periode. Også i 2015 blei det underskot, men då på berre 619.000.

Nye eigarar overtar 1. mars 2017

Familien Bjørke har no selt eigedomsmassen som tilhøyrer Bjørnefjorden Gjestetun AS til eigedomsaktøren Bybo AS.

Eigedomen omfattar ei tomt på 11 mål og all bygningsmassen på tomta.

– Bjørnefjorden Gjestetun AS overdrar ansvaret til Bybo frå 1. mars og vi vil i samarbeid forsøka å finna nye drivarar av hotellet.

– Dette arbeidet er allereie godt i gang, og vi håper på å finna ei god løysing for vidare drift i åra som det truleg tar å få omregulert eigedomen.

Solid eigar

«ByBo AS er en ambisiøs boligutvikler som regulerer, planlegger og bygger boliger i Bergensområdet. (...) Siden 1998 har vi ferdigstilt ca. 500 boliger og har for tiden flere hundre boliger under planlegging og bygging.» skriv dei nye eigarane på sine heimesider.

Bybo AS omsette for 172 millionar kroner og fekk eit overskot på 36 millionar i 2015.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.